Tiril Eckhoff

norsk skiskyttar

Tiril Kampenhaug Eckhoff (fødd 21. mai 1990) er ein norsk skiskyttar som vart olympisk meister med Noreg på mix-stafetten under vinter-OL 2014 i Sotsji. Ho er medlem av Fossum Idrettsforening. Skiskyttarar har vore, Stian Eckhoff og Kaja Eckhoff, er hennar eldre sysken.

Tiril Eckhoff


Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mai 1990 (34 år)
Bærum kommune
Idrett skiskyting
Tok del i Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Stafett kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Mixed stafett, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner
Tiril Eckhoff i 2013

Eckhoff fekk sitt internasjonale gjennombrot i Annecy i januar 2014, der ho kom på tredjeplass i eit vederscuprenn. Under vinter-OL i februar månad i Sotsji gjekk ho ein god etappe for det norske laget på mixstafetten, ei tevling der ho saman med Tora Berger, Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen kapra OL-gull. Seinare i vinterleikane i Sotsji tok Eckhoff bronsemedaljen på fellesstarten. På kvinnestafetten gjekk Eckhoff tredjeetappen for Noreg, og fekk ein ny OL-bronse.

I 2022 fekk ho Holmenkollmedaljen.[1]

Kjelder

endre
  1. Giving, Trine Rom (19. februar 2023). «Disse fikk Holmenkoll-medaljen». Skiforeningen. Henta 25. april 2024. «Holmenkollmedaljen 2022 tildeles skiskytterne Tiril Eckhoff og Marte Olsbu Røiseland, langrennsløper Johannes Høsflot Klæbo og kombinertutøver Jørgen Graabak.»