Tomasz Majewski
Tomasz Majewski (fødd 30. august 1981) er ein polsk friidrettsutøvar frå Nasielsk. Han vart olympisk meister i kulestøyt under Sommar-OL 2008 i Beijing og forsvarte meistertittelen under Sommar-OL 2012 i London. Majewskis sette sin personlege rekord på 21,95 m under eit stemne i Stockholm i juli 2009.
Tomasz Majewski | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 30. august 1981 (43 år) Nasielsk |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Utmerkingar | kommandørkors av Ordenen Polonia Restituta, offiser av Ordenen Polonia Restituta, ridder av ordenen Polonia Restituta |
Aktiv
endreMajewski slo seg gradvis inn i verdseliten i kulestøyt frå 2005-sesongen. Under verdsmeisterskapen i 2007 sette han personleg rekord med 20,87 m i finalen og vart nummer fem i øvinga. I dei olympiske leikane i Beijing i 2008 støytte han kula 21,51 m, også det personleg rekord, og vann ein klar siger i tevlinga. Den 25. juli 2009 forbetra han i Barcelona den personlege rekorden til 21,64 m, og få dagar seinare under DN-galan i Stockholm til heile 21,95 m, noko som også var polsk rekord i kulestøyt. Under VM i friidrett 2009 i Berlin landa kula på 21,91 m og gav han sølvmedaljen, 12 centimeter bak USA-amerikanske Christian Cantwell.
Majewski fekk sølvmedaljen også under EM i friidrett 2010. Her var han slått med minst mogeleg margin av kviterussaren Andrej Mikhnevitsj; 21,00 m mot 21,01 m. Hausten 2010 vart han operert i ei skulder. To år seinare, under Sommar-OL 2012 i London, vart Majewski olympisk meister etter å ha støytt kula 21,89 m. Sigeren kom etter eit tett oppgjer mot den sterke tyskaren David Storl, som vart slått med tre centimeter.[1] Majewski fekk bronsemedalje i kulestøyt ved europameisterskapen 2014 i Zürich, trass i at han ikkje nådde lenger enn 20,83 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa – 19,55 m
- VM i 2005 i Helsingfors: Nr 9 – 20,23 m
- EM 2006 i Göteborg: Nr 8 – 19,85 m
- VM 2007 i Osaka: Nr 5 – 20,87 m
- OL 2008 i Beijing: Gullmedalje – 21,51 m, framom Christian Cantwell (21,09 m)
- VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 21,91 m, bakom Christian Cantwell (22,03 m)
- EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 21,00 m, bakom Andrej Mikhnevitsj (21,00 m)
- VM 2011 i Daegu: Nr 9 – 20,18 m
- OL 2012 i London: Gullmedalje – 21,89, framom David Storl (21,86 m)
- VM 2013 i Moskva: Nr 6 – 20,98 m
- EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje – 20,83 m
- VM 2015 i Beijing: Nr 6 – 20,82 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 – 20,72 m
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tomasz Majewski» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Tomasz Majewski» frå Wikiedia på polsk, den 21. august 2013.
Notar
endre- ↑ Men's Shot Put London2012.com
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Tomasz Majewski – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- World Athletics