Velikije Luki
Velikije Luki (russisk Вели́кие Лу́ки) er ein by i Pskov oblast i Russland. Han ligg ved den sterkt meanderande elva Lovat, 220 km søraust for Pskov. Bynamnet kan omsetjast som «Store Meanderar». Byen er den nest største i Pskov oblast med om lag 100 000 innbyggjarar.
Velikije Luki Великие Луки | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Pskov oblast | ||||
Først nemnt i Bystatus |
1166 1777 | ||||
Borgarmeister | Lidija Golubeva | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
60 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
101 100 1 685 /km² | ||||
Koordinatar | 56°20′00″N 30°31′00″E / 56.33333°N 30.51667°E | ||||
Høgd over havet | 100 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 182100–182115 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)81153 | ||||
Nettstad: www.velikieluki.ru |
Velikije Luki lufthamn ligg 7 km nordaust for byen..
Historie
endreByen Velikije Luki vart først nemnt i ei krønike i 1166. Etter bygginga av ei festning i 1211 vart Velikije Luki ein strategisk viktig by, som forsvarte vegen inn mot Pskov og Novgorod. Han vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva av Ivan den store i 1478.
På byrjinga av 1900-talet utvikla byen seg til eit viktig jernbaneknutepunkt etter bygginga av jernbanen Moskva–Riga.
Under den andre verdskrigen, i 1941 og 1942, fann det stad intense kamper i området, mellom tyske og sovjetiske styrkar. Under slaget om Velikije Luki (seint i 1942) vart ein tysk styrke på rundt 7000 omringa i byen, som hadde vorte omgjort til ei festning. Etter månader med tunge kamper vart dei tyske styrkane til slutt utsletta i januar 1943. Som følgje av omleiringa vart byen nesten totalt øydelagd.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Velikije Luki» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2009.