Wollongong
34°25′31.148″S 150°53′54.305″E / 34.42531889°S 150.89841806°E
Wollongong | |||
by | |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Areal | 684 km² | ||
Folketal | 261 896 (2016)[1] | ||
Wollongong 34°25′59″S 150°52′59″E / 34.433055555556°S 150.88305555556°E | |||
Wikimedia Commons: Wollongong |
Wollongong er den niande største byen i Australia, og den tredje største byen i New South Wales, med sine 274 072 (2004) innbyggjarar. Byen ligg 80 km sør for Sydney. Han ligg i eit kolgruvedistrikt og har metallurgisk og kjemisk industri, produksjon av maskinar, tekstilvarer og matvarer. Byen er knytt til Sydney med veg og jernbane. Wollongong har hatt universitet sidan 1961. Det sørste stålverket i Australia ligg i Port Kembla, sør i byen.
Namnet Wollongong skal i følgje det opphavlege aboriginale språket tyde «lyden av sjø».
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://quickstats.censusdata.abs.gov.au/census_services/getproduct/census/2016/quickstat/UCL102005?opendocument; vitjingsdato: 23. august 2021.
«Wollongong» i Store norske leksikon, snl.no.