Yohann Diniz
Yohann Diniz (fødd 1. januar 1978) er ein fransk friidrettsutøvar frå Épernay som i tida 2006-14 vart trefaldig europameister i 50 kilometer kappgang og i 2017 verdsmeister på same distansen.
Yohann Diniz | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 1. januar 1978 (46 år) Épernay |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 50 kilometer kappgang menn |
Diniz vann gullmedaljen på 50 km då EM 2006 fann stad i Göteborg. Året etter tok han sølvmedaljen på same distansen, 29 sekundar bakom Nathan Deakes frå Australia og 16 sekundar føre italienaren Alex Schwazer. I 2010 forsvarte Diniz EM-tittelen på 50 km, sameleis fire år seinare i Zürich. Her sette han verdsrekord med tida 3.32.33. Under verdsmeisterskapen 2017 i London gjekk han inn til siger på spesialdistansen, åtte minuttar framfor sølvvinnaren.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2005 i Helsinki: Diskvalifisert på 50 km
- EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje – 3.41.39, framom Jesús Ángel García (3.42.48)
- VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 3.44.22, bakom Nathan Deakes (3.43.53)
- OL 2008 i Beijing: Braut 50 km
- VM 2009 i Berlin: Nr 12 – 3.49.03
- EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje – 3.40.37, framom Grzegorz Sudoł (3.42.24)
- VM 2011 i Daegu: Diskvalifisert på 50 km
- OL 2012 i London: Diskvalifisert på 50 km
- VM 2013 i Moskva: Nr 10 – 3.45.18
- EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 3.32.33, framom Matej Tóth (3.36.21)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 8 – 3.46.43
- VM 2017 i London: Gullmedalje – 3.33.12, framom Hirooki Arai (3.41.17)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yohann Diniz» frå Wikipedia på engelsk, den 3. august 2018.