Caithness
Caithness eller Katanes er ein skotsk, historisk region på nordspissen av det skotske fastlandet. I dag er «Caithness county» ein del av regionen Highland.
Cait
Dei to regionane Caithness og Sutherland var til saman eit av dei gamle, piktiske kongedøma, og vart kalla «Cait» eller «Cat». Det skotske/gæliske namnet på området var: Gallaibh som tyder «dei framande» og viser til busetjinga av norrøne folk. Sør for Cait ligg provinsane Moray og Ross og grenseskiljet er tidevasselva Oykel (Ekkjal på norrønt) og fjorden Dornoch Firth. Mot vest grensar området til den nordlege delen av Argyll. Mot aust grensar landet mot Moray Firth som dei norrøne kalla Breidefjord (Breiðafjǫrðr), og mot nord ligg Pentland Firth (norrønt: Petlandsfjörð).
Caithness/Katanes
I dei eldste norrøne kjeldene, til dømes i Orknøyingasoga[3] blir området kalla «Katanes», som er ei samanstilling av ordet «Cait» og det norrøne ordet «nes» (neset ved Cait). Caithness omfattar den nord-austlege delen av Cait og grensar i sør og aust mot regionen Sutherland. Området strekker seg omkring 50 km nord-sør og omkring 50 km aust-vest. Topografien er i hovudsak flatt landskap med opne, bølgjande jordbruksområde, lyngheier og spreidd busetjing.
Nedanfor er ei oversikt over nokre geografiske namn på Caithness, med dei samsvarande norrøne namna i parantes (lista er ikkje komplett):
- Freswick (Trasvik)
- Dunnet Head (Raudebjorg)
- Murkle (Myrkhol)
- Halkirk (Høgkyrkja)
- Helmsdale (Hjalmundal)
- Dale (Dal)
- Duncansby (Dungalsbø)
- Skitten (Skidamyr)
- Bucholly (Lambaborg)
- Scrabster (Skarabolstad)
- Stroma (Straumøy)
- Swelchie (Svelgen) - ein malstraum ved Stroma
John o' Groats i Caithness er den nordlegaste landsbyen på det britiske fastlandet.
Mange namn på Caithness av i dag er direkte omskriving av norrøne namn. Eksempel på dette er:
- Wick - kjem av norrønt: vik.
- Loch Watten - kjem av norrønt: vatn.
- Thursdale (Torsdal) og Thurso (Torså) - namnet er avleitt av gudenamnet Tor.
Historie
Alt på 700-talet vart Nord-Skottland, og Caithness, herja av vikingar, og landet var på den tida befolka av folkeslaget piktarar. Ein reknar med at den første av norrønt opphav som tok herredøme over området, var orknøyjarlen Sigurd Øysteinsson. Frå omkring 875 til 1266 låg Caithness under det orknøyske jarleriket, til tider som eit len underlagt dei skotske kongane. I Perthtraktaten[4] av 1266 mellom Noreg og Skottland, vart Caithness anerkjent som fullt ut skotsk område.
Historia til «jarledømet Caithness», til tider òg omtala som «mormaerriket Caithness», fekk i tida etter 1266 ei særs kompleks utvikling og jarletittelen var i periodar ikkje i bruk. Etter at fleire ulike personar og familier heilt eller delvis hadde styring med regionen på 1300-talet og 1400-talet, vart William Sinclair[5] (1410-1484) innsett i 1455 som «første jarl av Caithness». Han hadde òg tittel som «tredje jarl av Orknøyane» og «baron av Roslin». Seinare gjekk tittelen i arv i Sinclair-familien fram til i dag, då Malcom Ian Sinclair[6] (fødd 1948) overtok tittelen som den tjuande jarlen av Caithness i 1956. (Sjå: Peerage of Scotland[7])
Caithness var opphaveleg styrt frå Inverness, men fekk etter kvart ein meir sjølvstendig status. I 1455 fekk jarlen av Caithness funksjonen som dommar og sheriff (fogd). Caithness vart eige rettsområde i 1503, med hovudsete i Wick (burgh of Wick).
I 1890 vart det oppretta eit valgt råd (county council) som stod for administrasjonen av regionen (county), framleis med Wick som administrativt senter.
I dag (2017)
Caithness er på storleik 1.805 kvadratkilometer med eit folketal på 26067. Dei mest folkerike byane er Wick med 7155 innbyggarar og Thurso med 7933 innbyggarar (tal frå 2013). Sidan 2016 har Caithness hatt sitt eige flagg. Det har ei utforming som liknar på det norske flagget (proposjonar 3:5), men fargane er svart med blått, nordisk kors, og med gule kantar. På kantonen er eit seglskip med eit bilete av ein ramn på storseglet.
Medan Caithness tidlegare var styrt som eit jarledøme (grevskap), er det i dag eit av dei skotske statthaldarskapa (lieutenancy area) med same namn. Det er leia av ein statthaldar (Lord-lieutenant)[8], som er monarken sin representant i området og hovudsakeleg har seremonielle funksjonar.
Administrativt høyrer Caithness til den lokale råds-området (ward) «Landward Caithness». Dette er underlagt «The Highland Council»[9] (etablert i 1973) som er ein demokratisk organisasjon med 80 valgte «rådsmenn» (councillors). Inndelinga av dei lokale råds-områda fell i stor grad saman med dei historiske grevskapa (shires).
Caithness høyrer til den parlamentariske valgkretsen «Caithness, Sutherland og Easter Ross», der det blir valgt eit medlem til det britiske parlamentet (MP) og eit medlem til det skotske parlamentet (MSP).
Referansar
- ↑ WickThe heritage town
- ↑ Welcome to Thurso
- ↑ Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
- ↑ Treaty of Perth Oxford Reference
- ↑ William St. Clair Earl of Orkney
- ↑ Malcolm Ian Sinclair 20th Earl of Caithness
- ↑ Peearage of Scotland
- ↑ Lieutenancy areas of Scotland
- ↑ The Highland Council
Bakgrunnsstoff
- Caithness.org
- UNDISCOVERED SCOTLAND (kart)
- Sketch of the Civil and Traditional History of Caithness9 av James T. Calder (1861)
- Sutherland and Caithness in saga-time av James Gray (1922)
- Caithness and Sutherland The internet guide