Hopp til innhald

Gesa Felicitas Krause: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Migne (diskusjon | bidrag)
Migne (diskusjon | bidrag)
Line 25: Line 25:


[[Kategori:Tyske friidrettsutøvarar]]
[[Kategori:Tyske friidrettsutøvarar]]
[[Kategori:Hinderløparar]]

Versjonen frå 11. juli 2016 kl. 13:43

Gesa Felicitas Krause i 2011

Gesa Felicitas Krause (fødd 3. august 1992 er ein tysk friidrettsutøvar frå Ehringshausen i delstaten Hessen som deltek internasjonalt i hinderløp. Ho vart europameister på 3000 meter hinder i 2016 og fekk bronsemedaljen i same øvinga i friidretts-VM 2015.

Aktiv

Krause vann 3000 meter hinder under junior-EM i Tallinn i 2011. Ho fekk delta i VM 2011, der ho vart nummer ni på ny personleg rekord, 9.32,7. Året etter forbetra ho, under Sommar-OL 2012 i London, bestetida si på 3000 m hinder til fyrst 9.24,9 og så 9.23,5 då ho enda på åttandeplassen i leikane. I 2013 vann ho øvinga under U23-EM i finske Tampere, og kopierte i Moskva-VM niandeplassen frå verdsmeisterskapen 2011.

Krause heldt fram med å forbetre den personlege rekorden i dei store meisterskapane. I 2015 tok ho med tida 9.19,25 bronsemedaljen i hinderløpet under verdsmeisterskapen i Beijing, eitt hundredels sekund bak sølvvinnaren og 0,14 sekund bak gullvinnaren, Hyvin Kiyeng Jepkemoi frå Kenya. Året etter vann Krause gullmedaljen under friidretts-EM i Amsterdam, med vinnartida 9.18,8 var ho i mål nesten ti sekundar før nummer to i tevlinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Kjelder