Akhisar
Utsjånad
Akhisar | |||
by | |||
Marknad i Akhisar
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Egearregionen | ||
Provins | Manisa | ||
Høgd | 93 moh. | ||
Koordinatar | 38°55′05″N 027°50′15″E / 38.91806°N 27.83750°E | ||
Areal | 1 645 km² | ||
Folketal | 100 897 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 45200–45220 | ||
Retningsnummer | 0236 | ||
Bilnummer | 45 | ||
Akhisar 38°55′27″N 27°50′25″E / 38.9240528°N 27.8401895°E | |||
Wikimedia Commons: Akhisar | |||
Nettstad: www.akhisar.bel.tr |
Akhisar (osmansk-tyrkisk اقحصار) er eit distrikt og ein by i provinsen Manisa i Egearregionen vest i Tyrkia. Akhisar er òg den antikke byen Thyatira eller Thyateira.
Byen har ei historie som går attende til 3000 fvt. og har vore eit travelt handelssenter med ei strategisk plassering ved fleire viktige vegar i antikken og mellomalderne. Det var ein av dei første byane i verda der det vart brukt pengar. I Akhisar låg òg ein av Dei sju openberringskyrkjene. Byen er òg nemnd i Bibelen som Thyateira.
I dag er Akhisar framleis eit handels- og forretningssenter i regionen. Kring 10 % av tobakkproduksjonen i Tyrkia vert gjort her. Her vert òg dyrka oliven og produsert olivenolje.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Akhisar» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2012.