Clew Bay
Utsjånad
Clew Bay | |||
bukt | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Atlanterhavet | ||
Clew Bay 53°50′00″N 9°48′00″W / 53.833333333333°N 9.8°W | |||
Wikimedia Commons: Clew Bay |
Clew Bay (irsk Cuan Mó) er ei bukt i County Mayo på Irland. Ho inneheld mange drumlinar. I følgje segna er det ei øy i bukta for kvar dag i året. Ovanfor bukta ligg Croagh Patrick, det heilage fjellet på Irland. Clare Island ligg ved inngangen til bukta. Frå den sørvestlege delen av bukta og austover ligg Louisburgh, Lecanvey, Murrisk og Westport. Nord for Westport ligg Newport og vestover frå her ligg Mulranny, porten til Achill. Frå sørsida av bukta, mellom Clare Island og Achill kan ein sjå Bills Rocks.
Clew Bay var O'Malley-familien sin eigedom i mellomalderen, og er særleg forbunde med Grace O'Malley. I bukta ligg òg Dorinish, ei privat øy kjøpt av John Lennon i 1967.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Clew Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 11. oktober 2007.