Diego Rivera
Diego Rivera | |
Statsborgarskap | Mexico |
Fødd | 8. desember 1886 Delstaten Guanajuato, Guanajuato, Byen Guanajuato |
Død |
24. november 1957 (70 år) |
Yrke | muralist, bygningstegner, teiknar, kunstmålar, grafikar, bilethoggar |
Språk | spansk |
Politisk parti | Mexican Communist Party |
Medlem av | Colegio Nacional, Academia Nacional de Bellas Artes de Argentina |
Religion | ateist |
Ektefelle | Angelina Beloff, Guadalupe Marín, Frida Kahlo, Frida Kahlo, Emma Hurtado |
Partnar | Marie Vorobieff |
Diego Rivera på Commons |
Diego María de la Concepcíon Juan Nepomuceno Estanislao de la Rivera y Barrientos Acosta y Rodríguez (8. desember 1886–24. november 1957) var ein meksikansk målar frå byen Guanajuato. Han er særleg kjend for å ha måla ei rad store og monumentale bilete i offentlege bygningar, både i og utanfor Mexico. Rivera var gift med, mellom andre, målaren Frida Kahlo.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Rivera reiste i unge år til Paris for å få innblikk i nye kunstretningar. Han busette seg i bydelen Montparnasse, der venen Amedeo Modigliani portretterte han i 1914. I Paris vart han særleg inspirert av kubismen.
Tidleg på 1920-talet vende Rivera tilbake til Mexico. Allereie i 1921 gjekk han i gang med å måle freskoar i offentlege bygningar. I bileta sine synte han fram det meksikanske folkelivet og den stadeigne historia. Særleg merksemd retta han mot folkeoppstandane, dei meksikanske tema sette han oftast inn i ein kritisk, politisk samanheng. Stilen hans henta impulsar frå realisme og førkolumbiansk-mesoamerikansk kunst og kombinerte desse på ein original måte.
Politisk engasjerte Rivera seg i den kommunistiske rørsla. Han reiste til Moskva, men der vart han utvist grunna sin anti-sovjetiske ståstad i mange spørsmål. I 1929 vende han tilbake til Mexico og gifta seg med den 22-år gamle Frida Kahlo.
Frå 1930 til -33 laga Rivera ei rad freskoar i USA. Desse skildra i fyrste rekke livet i den industrielle verda. I 1933 opplevde han at freskoen Man at the Crossroads (Mennesket ved skiljevegen) i Rockefeller Center i New York City vart teke ned. Biletet vart fjerna etter oppstyr over at Vladimir Lenin var portrettert i freskoen. Den negative omtalen førte til at han ikkje fekk måle ein bestilt fresko til Verdsutstillinga i Chicago. Harm og audmjuka vende han i desember 1933 tilbake til Mexico.
Nokre få år etter at kona, Frida Kahlo, tok livet sitt i 1954, fekk Rivera påvist ei sjeldan form for kreft og døydde 24. november 1957. Han er gravlagd i Panteon de Dólores i Mexico-byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Diego Rivera» frå Wikipedia på dansk, den 18. juli 2013.