Einar Lundeby
Utsjånad
Einar Lundeby | |||
Fødd | 3. oktober 1914 Spydeberg kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 7. mars 2011 Asker | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Einar Lundeby (3. oktober 1914–7. mars 2011) var ein norsk språkforskar frå Østfold. Lundeby blei cand.philol. i 1940, og dr.philos. i 1966 med avhandlinga Overbestemt substantiv i norsk og de andre nordiske språk. Frå 1976 til 1978 var han dekanus ved Det historiske-filosofiske fakultet, og frå 1980 til 1987 var han medlem av Norsk språkråd. Lundeby voks opp i Hobøl, og har skrive om hobøldialekta i Hobølboka II frå 1994. Han har også skrive boka Østfoldmål frå 1995, som handlar om dialekter i Østfold.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Lundeby, Einar, Østfoldmål, Gressvik : Østfold mållag, 1995. ISBN 82-993615-0-8