Ellen Nikolaysen
Ellen Nikolaysen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. desember 1951 (72 år) Oslo |
Yrke | songar, teaterskodespelar |
Språk | norsk |
Medlem av | Bendik Singers |
Ellen Nikolaysen på Commons |
Ellen Helen Nikolaysen (fødd 10. desember 1951) er ein norsk songar og skodespelar frå Oslo.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Nikolaysen vann Talent '70 arrangert av NRK. Gjennom størstedelen av 1970-åra turnerte ho rundt i Noreg og litt utanlands. Ho gav ut sitt fyrste album i 1972, og deltok i Eurovision Song Contest 1973 som del av songgruppa Bendik Singers med melodien «Å for et spill». I 1974 vart ho tildelt pris som beste utøvar under World Popular Song Festival i Tokyo, og opplevde suksess i Japan. Året etter vann ho det norske Melodi Grand Prix med «Det skulle ha vært sommer nå» og deltok i melodifestivalen utan å oppnå ei fin plassering. Både i 1973 og 1976 var ho nominert til Spellemannprisen.
På 1990-talet var ho aktiv som skodespelar i musikalar. Mest omtale fekk ho for rolla som Mrs. Lovett i Sweeney Todd på Det norske teateret.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- 1972: Stans! Jeg vil gi deg en sang
- 1973: Freckles
- 1976: Kom
- 1978: Jul med Hans Petter og Ellen, saman med Hans Petter Hansen
- 1983: Songar utan ord, saman med Sigmund Groven
- 1987: Julekvad
Filmografi (utval)
[endre | endre wikiteksten]- 1975: Faneflukt
- 1993: Solens sønn og månens datter
- 2002: Sejer - Djevelen holder lyset