Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet
Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet | |||
| |||
Skipa | 2. februar 1924 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Oberhofen am Thunersee | ||
Leiar | Johan Eliasch | ||
Verkeområde | jorda, verdsfemnande | ||
Nettstad | http://www.fis-ski.com |
Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS: engelsk International Ski and Snowboard Federation, fransk Fédération internationale de ski et de snowboard) er verdsorganisasjonen for i fremste rekke alpin skisport og nordisk skisport. Organisasjonen vart skipa 2. februar 1924 i Chamonix, 14 nasjonale skiforbund var med på skipinga. I 2022 vart nemninga snøbrett teke med i det offisielle namnet på organisasjonen.[1][2]
Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet har i 2022 i alt 135 medlemsland.[3] Hovudkontoret ligg i Oberhofen am Thunersee i kantonen Bern i Sveits. Organisasjonen har tre offisielle språk; engelsk, fransk og tysk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]FIS vart skipa under den internasjonale skisportsveka i Chamonix vinteren 1924, seinare anerkjent som dei 1. olympiske vinterleikane. Skipinga av FIS var ei vidareføring av den internasjonale skikommisjonen (CIS) som hadde kome saman i Kristania vinteren 1910 og som i 1911 vedtok regelverk for dei ulike tevlingane innan nordiske greiner. Alpine greiner kom med i Det internasjonale skiforbundet i 1930. Sidan 1965 har ein teke med fleire særgreiner, fyrst speedski, seinare freestyle-ski (1977), grasski, rulleski og snøbrett (begge 1994).
Presidentar
[endre | endre wikiteksten]- 1924–1934: Ivar Holmquist, Sverige
- 1934–1951: Nikolai Ramm Østgaard, Noreg
- 1951–1998: Marc Hodler, Sveits
- 1998–2021: Gian-Franco Kasper, Sveits
- 2021– : Johan Eliasch, Sverige
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Decisions of the 53rd International Ski Congress». FIS. 26. mai 2022. Henta 17. november 2023.
- ↑ «Behind the decision: It's all in a name». FIS. 1. juni 2022. Henta 17. november 2023.
- ↑ «About the International Ski and Snowboard Federation (FIS)». FIS. 19. august 2022. Henta 17. november 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Fédération Internationale de Ski» frå Wikipedia på tysk, den 30. desember 2011.