Hopen naturreservat
Utsjånad
Hopen naturreservat er eit naturreservat oppretta ved forskrift av 26. september 2003 i medhald av Lov om miljøvern på Svalbard. Hopen naturreservat omfattar heile øya Hopen, med unntak av eit lite landareal omkring stasjona på austsiden av øya. Reservat omfattar òg territorialfarvatnet rundt Hopen.
Naturreservatet har eit landareal på om lag 46 km² landareal og eit marint areal på om lag 3 208 km² og gjeld gårdsnummer 1 på Svalbard.
Formålet med fredningen er å ta vare på ein nær urørt arktisk øy med tilgrensande sjøområde, inkludert havbotnen, og blant anna sikre øya som eit hi-, trekk- og næringsområde for isbjørn.
Lenkje til kart
[endre | endre wikiteksten]- Hopen naturreservat Arkivert 2007-09-20 ved Wayback Machine.
- Verneområde på Svalbard Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.