I Don't Want to Talk About It
I Don't Want to Talk About It Song av Crazy Horse frå albumet Crazy Horse | ||
Utgjeve | Februar 1971 | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 5:18 | |
Selskap | Reprise | |
Komponist | Danny Whitten | |
Tekstforfattar | Danny Whitten | |
Låtskrivar(ar) | Danny Whitten | |
---|---|---|
Produsent | Jack Nitzsche, Russ Titelman |
I Don't Want to Talk About It Singel av Rod Stewart frå albumet Atlantic Crossing | ||
B-side |
«The First Cut Is the Deepest» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1977 (Europa) 1979 (USA) | |
Innspelt | 1975 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:13 (singel) | |
Selskap | Riva | |
Komponist | Danny Whitten | |
Tekstforfattar | Danny Whitten | |
Låtskrivar(ar) | Danny Whitten | |
Produsent | Tom Dowd | |
Rod Stewart-kronologi | ||
«Get Back» (1976) |
I Don't Want to Talk About It | «The First Cut Is the Deepest» (1977)
|
«I Don't Want to Talk About It» er ein song skriven av Danny Whitten og først spelt inn av Crazy Horse for albumet Crazy Horse i 1971. Det var signaturlåten til Whitten, men vart meir kjend i ei rekkje coverversjonar, særleg av Rod Stewart.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]I 1975 spelte Rod Stewart inn songen i Muscle Shoals Sound Studio i Sheffield i Alabama for albumet sitt Atlantic Crossing. Denne vart ein suksess då han kom ut på singel i USA nådde han 46. plassen på poplista og 44. plassen på adult contemporary-lista tidleg i 1980. I Storbritannia toppa han UK Singles Chart som ein del av den doble A-sida med «The First Cut Is the Deepest» i 1977.[1] Ein meiner at songen nytte godt av å bli gjeven ut på billigsal for å halde Sex Pistols sin «God Save The Queen» borte frå UK Singles Chart.[2][3][4]
I 1989 spelte Stewart inn ein ny versjon av «I Don't Want to Talk About It» for Storyteller – The Complete Anthology: 1964–1990. Han vart seinare gjeven ut på Downtown Train – Selections from the Storyteller Anthology og igjen på singel i 1990. Han vart mykje spelt på radio i USA som eit albumspor og nådde andreplassen på Billboard Adult Contemporary-lista. Stewart song òg songen som ein duett med Amy Belle på turneen sin i 2004[5] og denne finst på ein konsert-DVD frå denne turneen.
I juni 1988 gav Everything but the Girl ut ein versjon på singel og på albumet Idlewild. Denne vart òg ein suksess i Storbritannnia og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart. Det var den første og einaste topp 10-hitten deira i Storbritannia fram til 1995.
[[Arthur Conley] song ein live-versjon av songen på nederlandsk fjernsyn i 1988.
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Blue, Rita Coolidge, Billie Jo Spears, Ian Matthews, A-Mei, Pegi Young, D'ZRT, Nils Lofgren, Dina Carroll, Joe McElderry, David Sneddon, Geoff Muldaur, Llama Farmers, Alex Parks, Indigo Girls og Andy Williams.
Medverkande på originalen
[endre | endre wikiteksten]- Danny Whitten — gitar, solovokal
- Nils Lofgren — gitar, korvokal
- Ry Cooder — slidegitar
- Jack Nitzsche — piano, korvokal
- Billy Talbot — bass, korvokal
- Ralph Molina — trommer, korvokal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I Don't Want to Talk About It» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 339–40. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ Hall, James (27. mai 2017). «God Save the Queen at 40: how the Sex Pistols made the most controversial song in history». The Telegraph (på engelsk). ISSN 0307-1235. Henta 3. juni 2018.
- ↑ «God Save the Queen: The Sex Pistols take on charity track». ITV News (på engelsk). 19. april 2012. Henta 3. juni 2018.
- ↑ «Bragg attacks Pistols' royal views». BBC News (på engelsk). 27. mai 2002. Henta 3. juni 2018.
- ↑ «Rod Stewart & Amy Belle- I Dont Want To Talk About It». Royal Albert Hall, London. 2004. Arkivert frå originalen 26. september 2011. Henta 8. april 2012.