Karmøy kommune
- «Karmøy» omdirigerer hit. For øya i kommunen, sjå øya Karmøy. For øya i Antarktis, sjå Karmøy i Antarktis.
Karmøy kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Adm.senter | Kopervik | ||
Areal | 229,96 km² | ||
• land | 219,55 km² | ||
• vatn | 10,41 km² | ||
Folketal | 43 306 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Leiv Arne Marhaug (H) | ||
Kommunenr. | 1149 | ||
Karmøy kommune 59°15′N 5°15′E / 59.25°N 5.25°E | |||
Kart som viser Karmøy kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Karmøy | |||
Nettstad: www.karmoy.kommune.no |
Karmøy kommune er ein kommune i Rogaland fylke. Kommunen grensar i nord til Haugesund kommune. Aust for Førdesfjorden er Tysvær kommune, i sørvest er øykommunen Bokn, i sør Kvitsøy kommune og vest til havs Utsira kommune.
Karmøy kommune vart til i 1965 ved at kommunane Skudenes, Åkra, Kopervik, Stangaland, Torvastad, Skudeneshavn og delar av Avaldsnes vart slegne saman.
Karmøy har tre tettstadar som vert rekna som byar: Kopervik, Skudeneshavn og Åkra. Andre tettstader som er plasserte innanfor kommunegrensa er Avaldsnes, Ferkingstad og Sandve. Tettstaden Skre er delt med Tysvær kommune, og delar av tettstaden Haugesund ligg i Karmøy kommune.[1]
Karmøy har ein flyplass kalla Haugesund Lufthamn.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ved Avaldsnes låg Noregs første kongesete. Her hadde Harald Hårfagre sin hovudkongsgard. Avaldsnes er omtalt fleire stader i Snorres kongesagaer. Særleg kjent er historia om Asbjørn Selsbane i Olav han Heilagast saga. Det vart eit dramatisk møte mellom kongen og solahøvdingen Erling Skjalgson.
På Avaldsnes står i dag Avaldsnes kyrkje, som kong Håkon IV av Noreg lét byggje i 1250. Like inntil kyrkjeveggen mot nord og hellande inn mot veggen står Noregs høgaste bautasteinen, kjent som Jomfru Marias Synål. Segna fortel at den dagen toppen av steinen rører kyrkjeveggen, inntreffar dommedag. Kanskje er det eit snev av sanning i påstanden om at munkane i seinmiddelalderen hogg toppen av bautasteinen?
Kjende personar frå Karmøy
[endre | endre wikiteksten]- Leif Ove Andsnes, klassisk pianist
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Frå kommunesenteret Kopervik
-
Åkrasanden ved Åkrehamn
-
Ferkingstad hamn
-
Avaldsnes kyrkje
-
Prinsehaugen på Reheia
Refeeransar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Haugesund_-_tettsted» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- dmoz: Karmøy-lenker Arkivert 2005-01-22 ved Wayback Machine.