Katharina Liensberger
Utsjånad
Katharina Liensberger | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 1. april 1997 (27 år) Feldkirch |
Idrett | alpint |
Tok del i | Alpine greiner under Vinter-OL 2018 |
Katharina Liensberger (fødd 1. april 1997) er ein austerriksk alpin skirennar frå Feldkirch i Vorarlberg. Ho vart verdsmeister i slalåm under VM i alpine greiner 2021, i den same meisterskapen tok ho heim sigeren i parallell-øvinga og fekk bronsemedaljen i storslalåm. 2021-sesongen gjekk ho til topps i slalåm-delen av verdscupen i alpine greiner. Både under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang og ved verdsmeisterskapen 2019 i Åre var Liensberger med i dei austerrikske mannskapa som vann sølv i lagtevlingane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Katharina Liensberger» frå Wikipedia på tysk, den 20. januar 2022.