Kroatisk kuna
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kuna.
Kroatisk kuna (kroatisk: hrvatska kuna; ISO 4217: HRK) er mynteininga i Kroatia. Kunaen er delt inn i 100 lipa, og vart innførd i juni 1994, etter ei valutareform som erstatta den tidlegare kroatiske dinaren. Denne vart innførd berre tre år tidlegare, og hadde i sin tur erstatta den tidlegare jugoslaviske dinaren. Ved det siste bytet var 1 kuna verd 1000 gamle dinarar (HRD).
Kuna tyder mår på kroatisk og fleire andre slaviske språk. Namnet på valutaen kjem av at mårpelsar vart brukte som betalingsmiddel i Kroatia i mellomalderen. Lipa tyder lind på kroatisk.
Valørar
[endre | endre wikiteksten]- Setlar: 5, 10, 20, 50, 100, 200, 500 og 1 000 kuna
- Kuna-myntar: 1, 2 og 5 kuna
- Lipa-myntar: 1, 2, 5, 10, 20 og 50 lipa
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Kroatisk kuna» på Wikipedia på svensk, innhenta 7. juli 2010.