Leonid Pasternak
Leonid Pasternak | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Fødd | 22. mars 1862 Odesa |
Død |
31. mai 1945 (83 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, biletkunstnar |
Sjanger | portrett |
Ektefelle | Rosa Kaufman |
Born | Alexander Pasternak, Boris Pasternak, Josephine Pasternak, Lydia Pasternak Slater |
Leonid Pasternak på Commons |
Leonid Osipovitsj Pasternak (døypt Yitzhok-Leib, eller Isaak Iosifovich, Pasternak; russisk: Леонид Осипович Пастернак, (4. april 1862–31. mai 1945) var ein russisk kunstmålar, som i hovudsak måla i ein impresjonistisk stil. Han var far til romanforfattaren Boris Pasternak.
Yngre år
[endre | endre wikiteksten]Leonid Pasternak vart fødd i Odessa. Faren var jødisk og dreiv eit vertshus. Leonid var det yngste av seks born i familien. Han tok tidleg til å teikne, noko familien hans frårådde han i frykt for at det skulle forstyrre studiane hans. Hans fyrste sponsor var ein gatefeiar som byrja kjøpe Pasternaks kunst då guten var sju år gammal.
Frå 1881 til -85 studerte Pasternak ved Moskva universitet, fyrst ved det medisinske instituttet og så ved det juridiske instituttet. Til sist bestemte han seg for å vigje livet sitt til kunsten. Han reiste til Tyskland og tok til ved Akademie der Bildenden Künste München. Eksamen ved akademiet avla han i 1887. Deretter reiste han tilbake til Russland og tenestegjorde dei to pliktåra i armeen (i eit artilleri-regiment). Frå 1889 dreiv han som målar på heiltid.
Målar
[endre | endre wikiteksten]Pasternak opplevde suksess allereie frå starten av. Hans fyrste utstilte måleri vart kjøpt av Pavel Tretjakov, den viktigaste kunstkjøparen i samtidas Russland. Pasternak vart snøgt ein populær målar, og kom med i den så kalla Polenov-sirkelen. Mellom dei andre målarane i denne var Valentin Serov, Isaak Levitan, Mikhail Nesterov og Konstantin Korovin.
Pasternak var ein av dei fyrste russiske målarane som kalla seg impresjonist. I 1880-åra og 1890-åra var det i Russland meir enn nok for ein kunstnar til å verte lagd merke til. Han var også medlem av målarrørslene Peredvizjnikij og Mir iskusstva. Til Leo Tolstoj utvikla han eit nært vennskap, i opptil månadsvis kunne han bu på Jasnaja Poljana. Over år måla han mange portrett av den verdskjende forfattaren. Dessutan illustrerte han romanane Krig og fred og Oppstode. Ved verdsutstillinga i Paris 1900 fekk han tildelt ein medalje for sine illustrasjonar til Tolstojs romanar.
Pasternak vart vald inn i St. Petersburg kunstkademi i 1905, og underviste elles ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur.
Flyktning – Ekteskap
[endre | endre wikiteksten]I 1921 trong Pasternak ein augeoperasjon, operasjonen vart utført i Berlin. Han reiste dit med kona si og to døtrer. Etter operasjonen bestemte han seg for ikkje å reise tilbake til Russland, og budde i Berlin til 1938. Han flykta då frå nazistyret til Storbritannia. Pasternak døydde i Oxford i 1945.
I 1889 gifta Pasternak seg med pianisten Rosa Kaufman. Dei nygifte busette seg i Moskva, der det fyrstefødde barnet Boris kom til verda året etter giftarmålet. Attåt den seinare verdskjende forfattaren fekk kunstnarparet tre born.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Leonid Pasternak» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2009.