Meråker kommune
Meråker kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Midtbygda | ||
Areal | 1 274 km² | ||
• land | 1 192 km² | ||
• vatn | 82 km² | ||
Folketal | 2 454 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Kjersti Kjenes (Lokale lister) | ||
Kommunenr. | 5034 | ||
Meråker kommune 63°26′17″N 11°50′58″E / 63.438055555556°N 11.849444444444°E | |||
Kart som viser Meråker kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Meråker | |||
Nettstad: www.meraker.kommune.no |
Meråker (sørsamisk: Mearohke) er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen grensar til Jämtland län i Sverige.
Meråker sentrum ligg 20 km frå Storlien og 48 km frå Trondheim lufthamn, Værnes. Meråker var opphavleg ein landbrukskommune, noko som òg går fram av namnet: merr og åker. Også gruvedrift har lange tradisjonar, noko gruvetralla i kommunevåpenet fortel om. Fleire stader rundt om finst det nedlagde kopargruver. Industri var og er viktig. Alt i 1898 vart det bygd ein karbidfabrikk i kommunen.
Samferdsel
[endre | endre wikiteksten]Europaveg 14 (E14) frå Stjørdal til Sundsvall i Sverige går gjennom Meråker. Jarnvegen mellom Trondheim og Østersund går òg gjennom Meråker.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kommunehistorie
[endre | endre wikiteksten]Meråker vart oppretta som eigen kommune 1. januar 1874 da Øvre Stjørdal kommune vart delt i to: Hegra (i Stjørdal kommune) og Meråker. Meråker hadde ved opprettinga 1861 innbyggarar.
Meråker smelteverk
[endre | endre wikiteksten]I 1898 vart det opna ein karbidfabrikk i Kopperå. Fabrikken vart seinare ombygd til eit silisiumsmelteverk. Hovudproduktet var microsilica som til dømes vert nytta som tilsettingsstoff i betong. Elkem Meråker er ikkje lenger i drift, etter at produksjon av microsilica vart lagt ned juni 2006.
Kjente meråkerbyggar
[endre | endre wikiteksten]- Helge Ingstad (1899–2001), fangstmann, forfattar og arkeolog
- Magnar Lundemo (1938–1987), skiløpar
- Sveinung (1976), songar, komponist og multiinstrumentalist
- Frode Estil (1972), norsk langrennsløpar, opphavleg frå Lierne
- Vebjørn Selbekk (1969), redaktør for Magazinet
- Tora Berger (1981), norsk skiskyttar (eigentleg frå Lesja, men busett i Meråker)
- Petter Northug (1986), norsk langrennsløpar (eigentleg frå Mosvik, men busett i Meråker)