Minamoto no Yorimitsu
Minamoto no Yorimitsu (源 頼光, 948–29. august 1021), òg kjend som Minamoto no Raikō, var ein japansk samurai og folkehelt. Saman med broren sin Minamoto no Yorinobu tente han regentane i Fujiwara-klanen. Han var ein av tidlegaste medlemmane i Minamoto-klanen som utmerka seg militært. Han blei kjend som den som undertrykte røvarane i Ōeyama.[1]
Yorimitsu tente som leiar over eit regiment ved Keisarvakta og var ein periode òg sekretær ved Krigsministeriet. Frå faren sin, Minamoto no Mitsunaka, arva han kontroll over Settsu-provinsen.
Yorimitsu i kulturen
[endre | endre wikiteksten]Yorimitsu finst i ei mengd legender og forteljingar. Ein av dei mest visste er legenda om Kintaro, ‘den gylne guten’. I forteljingane er han vanlegvis i lag med fire følgjesvener, Shiten-nō (noko slikt som ‘Dei fire vaktkongane’). Dei blir kalla Watanabe no Tsuna, Sakata no Kintoki, Urabe no Suetake og Usui Sadamitsu.
Minamoto no Yorimitsu opptrer i den japanske skrekkfilmen Kuroneko (1968) regissert av Kaneto Shindoq.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ The Tale of Heike, Heike monogatari, Stanford, California: Stanford University Press, 1988
- ↑ McDonagh, Maitland. «Kuroneko: The Mark of the Cat». The Criterion Collection. Henta 7. oktober 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Minamoto no Yorimitsu» frå Wikipedia på svensk, den 6. april 2024.