NSB type 69
Utsjånad
NSB type 69 | |
---|---|
NSB type 69 i nytt design | |
Informasjon | |
Type | Elektrisk motorvogn |
Produsent | Strømmen verkstad |
Byggeår | 1970–1993 |
Bygde sett | 85 |
Passasjerar | 189 (A-serien) 282-306 (Trivogns B-serie) |
Spesifikasjonar | |
Lengd | Endevognene: 24.85 m (A, B, C) |
Toppfart | 130 km/t |
NSB type 69 er dei vanlegaste togsetta som blir brukt på lokalstrekningane Kongsberg-Eidsvoll Spikkestad-Moss, Drammen-Dal, (Drammen) Asker-Lillestrøm, (Skøyen) Oslo S-Gjøvik, Skøyen-Ski, Skøyen-Mysen, Skøyen-Årnes i dag. Det blir òg brukt i lokalstrekningane på Vestlandet. Det blei bygd av Strømmen verkstad. Eit renoveringsprogram blei starta opp på togsetta i 2005, og togsetta blir fortløpande omlakkert til nye NSB-fargar. Type 69 blir brukt som lokaltog i lag med NSB type 72.
Utgåver
[endre | endre wikiteksten]Type 69 kom i seks seriar:
- Type 69A var den originale Type 69, bygd frå 1970 til 1971. Dei har to vogner. Det blei bygd 15 tog av denne typen, og tolv er ennå i bruk.
- Type 69B er den andre serien, bygd i 1974. Dei fleste av dei 17 Type 69B-setta består av to vogner, men to av dei har ei midtvogn i tillegg. Nokre av toga i b-serien blei ombygde slik at dei kunne ta meir last, noko som gjorde dei passande for lengre turar som Bergen–Myrdal, kor passasjerane ofte tar med ski og syklar. B-serien har berre ei dør på kvar sida, i staden for to, noko som gir meir seteplass, men òg tregare av- og påstiging.
- Type 69C blei bygd i 1975. Dei har tre vogner.
- Type 69D blei bygd mellom 1983 og 1990. Dei skil seg frå Type 69C ved å ha ein noko forskjellig utsjånad. 39 av denne typen blei bygd, og 35 var ennå i teneste i 2005.
- Type 69E er ombygde Type 69D-tog, som blir brukt på litt lengre turar. Dei blei tidlegare brukt på Gjøvikbanen og Jærbanen, men blir no brukt på banen mellom Bergen and Voss.
- Type 69G er ei anna utgåve av dei ombygde Type 69D-setta. Dei er utstyrt med restaurasjon og ei meir komfortabel fyrsteklassevogn. Det finst ni stykk av dei. Ombygginga skjedde i Danmark og toga køyrer nå på Gjøvikbanen.
Spesifikasjonar
[endre | endre wikiteksten]- Masse: 53,5 - 64 tonn
- Yting: 1632 hk
- Akselordning: Bo'Bo'
- Maksimal snøggleik: 130 km/t
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jernbane.org si side om type69 Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Jernbane.net si side om type69
- Databaseoppføringar på type 69
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «NSB type 69» frå Wikipedia på bokmål, den 7. desember 2008.