Nottingham
Nottingham | ||
---|---|---|
Frå øvst til venstre: Robin Hood, Council House, NET Tram, Castle Rock Brewery, Trent Bridge, Porthuset til slottet, Wollaton Hall, Ye Olde Trip to Jerusalem og Nottingham Forest City Ground | ||
Kallenamn «Queen of the Midlands, The Lace City» | ||
Motto «Vivit Post Funera Virtus» (Dyd sigrar over død) | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Nottinghamshire | |
Grunnlagd | 600 | |
Borgarmeister | Jon Collins | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
74,61 km² | |
Koordinatar | 52°57′N 1°08′W / 52.950°N 1.133°W | |
Høgd over havet | 61 moh | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NG | |
Telefon-retningsnummer | 0115 | |
Nettstad: www.nottinghamcity.gov.uk/ | ||
Nottingham er ein by i Nottinghamshire i England, Storbritannia. Byen ligg ved elva Trent og er fyrst og fremst kjend for kniplingsindustri og legenda om Robin Hood. Han fekk status som city i 1897, og er i dag ei sameint styresmakt.
Sjølve byen har drygt ein kvart million innbyggjarar, men med forstader kjem folketalet opp i omkring trekvart million. Byen er sentrum i kolfeltet i East Midland og har ein variert industri med mellom anna framstilling av kniplingar, næringsmidlar, lêr og skotøy, legemidlar, tobakk, sy klar og telekommunikasjonsutstyr. På ei høgd sentralt i byen ligg borga Nottingham Castle med bymuseum og kunstgalleri. St. Mary's Church er frå 1400-talet og den katolske domkyrkja frå 1844. Byen har to teater.
Byen oppstod i angelsaksisk tid. Ei tidleg namneform var Snottingaham, «Snots bustad», truleg etter ein lokal leiar ved det som i dagens engelske språk er det noko uheldige namnet Snot.
På 800-talet vart Nottingham ein del av Danelagen og var den viktigaste byen deira.
Forfattaren Alan Sillitoe er frå Nottingham, men budde mesteparten av sitt vaksne liv i London.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Byen har to universitet, University of Nottingham, med meir enn 30 000 studentar, og Nottingham Trent University med meir enn 25 000 studentar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Nottingham» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juli 2011.
«Nottingham_-_by_i_England, Nottingham_-_by» i Store norske leksikon, snl.no.