Peter Frederik Wergmann
Peter Frederik Wergmann | |
Statsborgarskap | Noreg, Kongeriket Danmark |
Fødd | 2. november 1802 København |
Død |
18. juni 1869 (66 år) |
Yrke | skodespelar, kunstmålar, teiknar, forfattar |
Ektefelle | Amalie Huusher |
Peter Frederik Wergmann på Commons |
Peter Frederik Wergmann, Peter Christian Friderich Wergmann (fødd 2. november 1802 i København, død 17. juni 1869 i Christiania)[note 1][1][2] var ein dansk-norsk dekorasjons- og teatermålar som arbeidde i Noreg frå 1830–1831. Han fekk mykje å seia for det moderne teatermåleriet i landet.
Wergmann arbeidde som teiknelærar i København og var knytt til ein teatertropp både som skodespelar og teiknar. Da troppen reiste på turné til Noreg blei Wergmann med. I 1831 opptredde han som skodespelar i Trondheim, deretter var han med på ein omfattande turne til Nord-Møre, Drammen, Arendal, Skien og Fredrikstad.[2] Samstundes med at han reiste rundt teikna han skisser som han seinare laga litografi av og gav ut i to samlingar med prospekt; Norge, fremstillet i lithographerede Billeder efter Naturen. Dei blei gitt ut i Christiania i 1833-1837 med tekstar av Peter Christen Asbjørnsen og Bernt Moe.[2]
Wergmann slo seg ned i Christiania kor han fekk borgarskap som målarmeister i 1840. Året før hadde han via kontakt med slottsarkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow fått i oppdrag å måle dekorasjonar til Christiania Theaters oppsetting av Henrik Wergelands Venetianerne. Dette blei innleiinga til eit livsvarig virke ved teatret i tillegg til at han i åra 1852-1863 også var tilsett ved Christiania norske Theater.
I Christiania fekk han oppdrag på slottet kor han dekorerte fleire salar, mellom anna spisesalen i pompeiansk stil.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Peter Frederik Wergmann på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Wergmann, Peter Christian Friderich». Norsk kunstnerleksikon: bildende kunstnere, arkitekter, kunsthåndverkere. 4 : Sp-Å. [Oslo]: Universitetsforlaget. 1986. s. 471–472. ISBN 8200183238.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Weilbachs Kunstnerleksikon skriv at han døydde 17. juni, Norsk kunstnerleksikon skriv på side 471 at han døydde 18. juni.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Slottsarkitekturen frå Kongehuset.no