Robert Burns
Robert Burns | |
Statsborgarskap | Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 25. januar 1759 Alloway |
Død |
21. juli 1796 (37 år) |
Yrke | låtskrivar, lyrikar, skribent, musikkforskar, bonde |
Sjanger | vers, forteljande lyrikk, song, ballade, kantate |
Far | William Burnes |
Mor | Agnes Broun |
Ektefelle | Jean Armour |
Born | Elizabeth Bishop (Burns), Robert Burns |
Robert Burns på Commons |
Robert Burns (25. januar 1759–21. juli 1796) var ein skotsk lyrikar. Mest kjend er han for dikta som er skrivne på skotsk. Han skreiv òg dikt på skotskfarga engelsk og på standard engelsk.
Robert Burns vart fødd i Alloway i Ayrshire i ein fattig familie og døydde i Dumfries. Han måtte vere med på gardsarbeid tidleg, og frå han var 12-13 år gamal, arbeidde han som ein vaksen kar. Sidan far til Robert Burns var oppteken av å gje borna ei god, kristen oppseding, fekk han lese- og skriveopplæring av ein privatlærar.
Burns er særleg hugsa for diktet «Auld Lang Syne». Fødselsdagen hans vert feira som ein uoffisiell skotsk nasjonaldag, «Burns Night».
Johannes Gjerdåker har omsett mange av Burns sine dikt til nynorsk. Det same har Hartvig Kiran og Olav Nygard.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- www.robertburns.org
- Robert Burns Arkivert 2010-06-04 ved Wayback Machine. ved National Library of Scotland
Nokre omsetjingar til nynorsk
[endre | endre wikiteksten]- 1966 – Dikt i utval (Oslo: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard)) I fulltekst ved nb.no [Ved Hartvig Kiran]
- 1978 – Min elsk er lik ei raud raud ros (Stabekk: Den norske bokklubben). ISBN 8252502792 I fulltekst ved nb.no [Ved Hartvig Kiran]
- 1996 – Dikt og songar (Oslo: Samlaget). ISBN 9788252145335 I fulltekst ved nb.no [Ved Johannes Gjerdåker]
- 1998 – Dikt og songar : andre samling (Oslo: Samlaget). ISBN 9788252152647 I fulltekst ved nb.no [Ved Johannes Gjerdåker]Denne litteraturartikkelen som har med Skottland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.