Robert Prosinečki
Robert Prosinečki | |
Statsborgarskap | Kroatia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia |
Fødd | 12. januar 1969 (55 år) Villingen-Schwenningen |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 2002, VM i fotball 1998, VM i fotball 1990, EM i fotball 1996 |
Robert Prosinečki (fødd 12. januar 1969) er ein kroatisk fotballtrenar og tidlegare -spelar. Han var med om å vinne europacupen i 1991 for Raude Stjerne Beograd. I 1998 fekk han VM-bronse då Kroatia sigra over Nederland i bronsefinalen. Midtbanespelaren er ein av eit fåtal fotballspelarar som har spelt for både Real Madrid og FC Barcelona.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Prosinečki slo gjennom i Raude Stjerne, ein klubb han spelte for frå 1987 til 1991. I den mållause europacupfinalen 1991 mot Olympique Marseille var han fyrstemann ut i straffetevlinga, ei avslutning som enda med Raude Stjerne-triumf ettersom alle lagets eksekutørar skåra. Deretter vart han, mot 450 millionar pesetas, overført til Real Madrid, ein klubb han tente til 1994. Allereie i det spanske storlaget kom tidte, langvarige skadar som skulle prege hans fotball-liv. Sidan vandra han frå eine klubben til den andre, heilt til han la opp i 2004. Gjennom denne tiårsperioden tente han etter tur spanske Oviedo, FC Barcelona, Sevilla FC, Dinamo Zagreb i heimlandet, belgiske Standard Liège, engelske Portsmouth FC, slovenske Olimpija Ljubljana og NK Zagreb. Bortsett frå 1997 til 2000, då han var Dinamo Zagreb-spelar, skifta han beite mellom, eller i, kvar einaste sesong. Jamt over markerte han seg som ein kreativ midtbanemann med kontante skot.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Prosinečki spelte i alt 64 landskampar. Åra mellom 1989 og 1991 representerte han Jugoslavia i 15 kampar, skåra 4 mål. Perioden 1994–2002 deltok han i 49 kampar for Kroatia, stod bak 10 nettkjenningar. Høgdepunktet kom med Kroatia i VM i fotball 1998, ei turnering der laget spelte semifinale mot den komande verdsmeisteren Frankrike, og sidan vann bronsefinalen.
I 1987 var han med i det jugoslaviske mannskapet som gjekk til topps i U20-verdsmeisterskapen.
Trenar
[endre | endre wikiteksten]Frå 2014 til 2017 var Prosinečki landslagssjef i Aserbajdsjan, dernest landslagssjef i Bosnia-Herzegovina sesongane 2018 og 2019.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av europacupen: 1991 for Raude Stjerne Beograd
- VM-bronse: 1998 med Kroatia
- Seriemeister i Jugoslavia: 1988, 1990, 1991 for Raude Stjerne Beograd
- Cupmeister i Jugoslavia: 1989 for Raude Stjerne Beograd
- Cupmeister i Spania: 1993 for Real Madrid
- Seriemeister i Kroatia: 1998, 1999, 2000 for Dinamo Zagreb
- Cupmeister i Kroatia: 1998 for Dinamo Zagreb
- Cupmeister i Slovenia: 2003 for Olimpija Ljubljana
- Vinnar av U20-VM: 1987 med Jugoslavia
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Robert Prosinečki» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2021.
- eu-football