Rrogozhinë
Rrogozhinë | |||
---|---|---|---|
Frå sentrum av Rrogozhinë | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Tirana | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
224 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
22 148 | ||
Koordinatar | 41°5′0″N 19°40′0″E / 41.08333°N 19.66667°E | ||
Høgd over havet | 50 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Plassering | |||
Rrogozhinë kommune innafor regionen Tirana |
Rrogozhinë er ein by og ein kommune i regionen Tirana i Albania. Kommunen ligg ved havet sentralt i landet sørvest for hovudstaden Tirana og grensar i sør til regionen Fier, i søraust til Elbasan.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Rrogozhinë vart slått saman med landkommunane Kryevidh, Sinaballaj, Lekaj og Gosë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Rrogozhinë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 7 049 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Rrogozhinë, til saman hadde 22 148 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Kavajë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Rrogozhinë og busetnaden:[2]
- Rrogozhinë