Hopp til innhald

Salangsfjorden

Koordinatar: 68°53′41.784″N 17°34′46.193″E / 68.89494000°N 17.57949806°E / 68.89494000; 17.57949806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°53′41.784″N 17°34′46.193″E / 68.89494000°N 17.57949806°E / 68.89494000; 17.57949806

Salangsfjorden
fjord
Salangen, midt i biletet, frå Mjøsundet til Gratangen

Foto: Erlend Bjørtvedt (2013)

Land  Noreg
Kart
Salangsfjorden
68°53′42″N 17°34′46″E / 68.895°N 17.5794°E / 68.895; 17.5794

Salangen eller Salangsfjorden (nordsamisk Siellakvuotna)[1] er ein fjord i kommunane Salangen, Ibestad og Gratangen i Troms. Fjorden strekkjer seg 25 km nordaustover til Løksebotn i botn av fjorden, men inkludert Sagfjorden er han 30 km lang.

Den ytste delen av fjorden går på sørsida av øya Andørja. Denne delen av fjorden vert stundom òg rekna som ein del av Astafjorden som ligg lenger sørvest på sørsida av Rolla.

Fjorden har innløp mellom Vindhammeren i nord og bygda Myrlandshaugen i sør. Grenda Løvdal ligg like aust for Myrlandshaugen. Kråkrø er ei grend på nordsida av fjorden på Andørja. Tvers over fjorden for Kråkrø går fjordarmen Lavangen søraustover til Tennevoll. Litt nordaust for Kårkrø ligg grenda Furnes og frå her svingar Mjøssundet nordover på austsida av Andørja. Mjøsundbrua kryssar sundet over til fastlandet.

Salangen held fram vidare nordaustover og på sørsida av fjorden ligg grendene Håkavik og Rotvik. Aust for Rotvik går Sagfjorden søraustover og inn til Laberg og Sjøvegan. Bygda Medby ligg på austsida av Salangen og nord for her går Løksefjorden den siste biten inn til Løksebotn.

Fylkesveg 848 går langs nordsida av fjorden, medan fylkesveg 84 går langs austsida. På sørsida går fylkesveg 7810 og Fv7806.[2]

  1. «Salangen». Faktaark. Kartverket. Henta 1. mars 2017. 
  2. Salangen på Norgeskart.no fra Statens kartverk