Simon Slåttvik
Simon Slåttvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. juli 1917 Valnesfjord |
Død |
3. mai 2001 (83 år) |
Yrke | kombinertløpar, skihoppar, langrennsløpar |
Simon Slåttvik på Commons |
Simon Kaurin Slåttvik (24. juli 1917–5. mai 2001) var ein kombinertrennar og skihoppar frå Valnesfjord i Fauske kommune. Han vart olympisk meister i øvinga i 1952 i Oslo, to år tidlegare vann han bronsemedaljen under VM i Lake Placid. Slåttvik vart noregsmeister i kombinert fire gongar og vann kombinert i Holmenkollrenna tre gongar. Han var den fyrste norske kombinertrennaren som hoppa over 100 meter. Slåttvik, som representerte Stålkameratene, døydde på Lillehammer.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Slåttvik var nesten tretti år gammal då han vart noregsmeister i kombinert i 1947. Året etter gjekk han til topps i øvinga i Holmenkollen, men han var ikkje med til olympiaden i St. Moritz same sesongen. Han vart på ny noregsmeister i 1949.
I 1950-sesongen fekk Slåttvik to bronsemedaljar under noregsmeisterskapen, både i kombinert og i spesielt hopprenn. Han var ein av seks norske kombinertrennarar som tok den lange turen til verdsmeisterskapen i Lake Placid i delstaten New York i USA. Der fekk Slåttvik ein ny bronsemedalje, ein VM-bronse, 0,2 poeng bak landsmannen Ottar Gjermundshaug som fekk sølv, og vel tre poeng bak verdsmeisteren Heikki Hasu frå Finland.
Slåttvik vart både noregsmeister og vann i Holmenkollen i 1951-sesongen. Året etter var det olympisk meisterskap i Holmenkollbakken og i Kollen-løypene. Slåttvik leia den olympiske tevlinga etter hopprennet, tett føre landsmannen Sverre Stenersen. På femte plass låg den sterke finske langrennaren Heikki Hasu. Før 18-kilometeren den 18. februar 1952 hadde Slåttvik 4 minutt og 32 sekundar til gode på Hasu, ein kar som kunne verte dobbelt olympiameister, ettersom det kombinerte langrennet også var ein del av det spesielle langrennet. Slåttvik gjekk i mål på tida 1.05.40, etter han i løypa kom Hasu som fekk notert 1.02.24 i sluttid. Dermed vart det norsk langrennsgull, ved Hallgeir Brenden, og norsk kombinert-gull i eitt og same renn. Hasu fekk kombinert-sølvet og vart nummer fire på 18 km.
I 1953 sigra Slåttvik i sin fjerde og siste noregsmeisterskap, medan han i 1954 vart nummer fem i verdsmeisterskapen i Falun. Her hadde han berre landsmenn føre seg på resultatlista, den nye kombinertkongen Sverre Stenersen sigra føre Gunder Gundersen.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
[endre | endre wikiteksten]- 1948: Vinnar i Holmenkollen
- 1949: Nr 8 i Holmenkollen
- 1950: Vinnar i Holmenkollen
- 1951: Vinnar i Holmenkollen, nr 2 i Lahti i både kombinert og i hopp
- 1952: Olympiameister i Oslo
- 1953: Nr 2 i Lahti og nr 3 i Holmenkollen
- 1954: Nr 5 under ski-VM i Falun
- 1955: Nr 6 i hopprennet i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1947: Gullmedalje i kombinert
- 1949: Gullmedalje i kombinert og nr 5 på 18 km
- 1950: Bronsemedalje både i kombinert og i hopprenn
- 1951: Gullmedalje i kombinert
- 1952: Bronsemedalje i kombinert
- 1953: Gullmedalje i kombinert
- 1954: Nr 7 i kombinert
I 1951 vart Slåttvik tildelt Holmenkollmedaljen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken, 1957
- Denne artikkelen bygger på «Simon Slåttvik» frå Wikipedia på bokmål, den 24. november 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Simon Slåttvik – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.