Stockholms blodbad
Stockholms blodbad var dei mange avrettingane som fann stad i Stockholm den 8. og 9. november 1520.[1] Hendingane blei sette i gang like etter kroninga av Kristian II, som etter blodbadet blei kjend som «Kristian Tyrann» i Sverige.[2] Gjestene ved kroningsfesten blei tilkalla til eit møte på slottet. Erkebiskop Gustav Trolle sitt krav om økonomisk kompensasjon for blant anna rivinga av Almarestäkets borg førte til eit spørsmal om den tidlegare riksforstandaren Sten Sture den yngre og tilhengjarane hans hadde gjort seg skuldige i kjetteri. Med bakgrunn i kyrkjerett blei nær 100 personar[3] avretta dei følgjande dagane. Blant dei avretta fanst mange frå aristokratiet som hadde støtta Sturepartiet i åra før.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mardal, Magnus A.; Opsahl, Erik (18. februar 2019). «Stockholms blodbad». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Lindqvist 1993, s. 13
- ↑ «Stockholms blodbad». Nationalencyklopedins. Henta 8. januar 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Stockholms blodbad» frå Wikipedia på svensk, den 6. november 2019.
Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Lindqvist, Herman: Historien om Sverige. Historien om Gustav Vasa och hans söner och döttrar, Norstedt, Stockholm 1993. ISBN 91-1-912652-2. Libris 8221106.