Storskrymten
Utsjånad
Storskrymten | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Oppdal (Trøndelag); Sunndal (Møre og Romsdal); Lesja (Innlandet) | ||
Fjellområde | Dovrefjell | ||
Høgd | 1 985 moh. | ||
Primærfaktor | 610 m | ||
Koordinatar | 62°22′29.07″N 9°3′33.45″E / 62.3747417°N 9.0592917°E | ||
Storskrymten 62°22′29″N 9°03′33″E / 62.374722222222°N 9.0591666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Storskrymten |
Storskrymten er eit fjell på 1 985 meter i Lesja, Sunndal og Oppdal kommunar. Grensa mellom tre fylke møtest her; Innlandet, Møre og Romsdal og Trøndelag. Fjellet er det høgaste i Sør-Trøndelag. Fjellet er det 206. høgaste i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.
Fjellet er namngjete i lokal folketru, og skal ha vore bustad for «skrymt», det vil seia troll og haugfolk. Viktige, gamle ferdselsvegar mellom Møre og Lesja kryssar over ved foten av Storskrymten.