Hopp til innhald

Svein Mønnesland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Svein Karl Mønnesland)
Svein Mønnesland

Fødd26. oktober 1943
Skien
NasjonalitetNoreg
Yrkeslavist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Svein Mønnesland (fødd 26. oktober 1943) er ein norsk slavist og professor i slaviske språk ved universitetet i Oslo sidan 1979. Han er ekspert på bosnisk, kroatisk og serbisk (serbokroatisk) og har skrive ei rekkje bøker og artiklar om slavisk lingvistikk, litteratur og kulturhistorie. Han har hatt ei rekkje verv, blant anna som nordisk representant i Den internasjonale komiteen for Aust-Europa-forsking og i styret for Institutt for samanliknande kulturforsking. Han har vore aktiv med utoverretta verksemd, særleg i samband med konfliktane på Balkan på 1990-talet.

Mønnesland er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi[1] og assosiert medlem av Vitskapsakademiet i Bosnia og Hercegovina.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Serbia in the 19th century seen by foreigners. 2016. Novi Sad: Prometej.
  • A town in Europe through 2,400 years: Stari Grad (Pharos) on Hvar. Sypress: 2016.
  • Lær kroatisk! 2014. Oslo: Sypress.
  • National Symbols in Multi-National States. 2013. Oslo: Sypress.
  • Bosansko-turski rječnik. Nuhamed Hevai Uskufi. 2012. Tuzla: Općina Tuzla.
  • Dalmatia through foreign eyes, 2011. Zagreb: Fidipid.
  • Jezik u Bosni i Hercegovini. 2005. Sarajevo: Institut za jezik.
  • Bosnisk-kroatisk-serbisk grammatikk. 2002: Sypress.
  • 1001 days. Bosnia and Herzegovina in pictures and words. 2001. Oslo: Sypress.
  • Land ohne Wiederkehr. Ex-Jugoslawien: Die Wurzeln des Krieges. Klagenfurt: Wieder Verlag, 1997.
  • Bosnia-Hercegovina. Oslo: Sypress, 1994.
  • Kosovo. Oslo: Sypress, 1994.
  • Før Jugoslavia, og etter. Oslo: Sypress. 1992 (5. utg. 2006).
  • Norsk-bosnisk/kroatisk/serbisk ordbok. Oslo: Universitetsforlaget, 2001.
  • Hajdemo u Jugoslaviju. Oslo: Universitetsforlaget, 1986.
Omsetjingar
  • Jugoslavisk kvartett. Oslo. Samlaget, 1968.
  • Nattergal og våpengny. Oslo. Samlaget, 1971.
  • Vasko Popa: Den flammende ulvinnen. Solum, 1978.
  • Danilo Kiš: Et gravmæle for Boris Davidovits. Aschehoug, 1984.
  • Franc Šetinc: Adam Gabrijel. Grøndahl & Søn, 1987.
  • Aleksander Tišma: Bruk av mennesket. Gyldendal, 1988.
  • Rezak Hukanović: Helvetets tiende port. Sypress: 1993.
  • Goran Simić: Sarajevos sorg, Sypress, 1994.
  • Aleksander Tišma: Kapo. Gyldendal: 1995
  • Nura Bazdulj-Hubiar: Kjærligheten er en sihirbaz. Sypress: 1996.
  • Aleksander Tišma: Blams bok, Gyldendal, 1999.
  • Aleksander Tišma: Troskap og utroskap. Gyldendal, 2003.
  • Munib Delalić: Bare storm og solnedgang tok jeg med fra Hercegovina. Andresen & Butenschøn, 2009.
  • Goce Smilevski: Sigmund Freuds søster. Gyldendal, 2013.
  1. «Artikkel: Gruppe 5: Filologi og språkvitenskap». Det Norske Videnskaps-Akademi. Henta 25. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]