Hopp til innhald

Tannlege

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tannlækjar)
Tannlege.

Tannlege eller tannlækjar er ein utøvar av tannpleie med høve til å behandla lidingar i tenner, tannkjøtet og resten av munnen. Ein tannlege er utdanna innan odontologi og må i Noreg ha autorisasjon frå Sosial- og helsedepartementet.

Tannlegar kan mellom anna arbeida i offentleg tannhelseteneste eller driva privat praksis.

Utdanninga til tannlege i Noreg er 5-årig og blir gjeve ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø. Studiet fører fram til mastergrad i odontologi. Etter utdanning i Noreg eller utlandet har ein rett til autorisasjon om ein har utført fastsett praktisk teneste og har avgitt skriftleg lovnad om å utøva tannlegegjerningen samvitsfullt. Ein som ikkje fyllar vilkåra for autorisasjon, kan få lisens som tannlege som kan avgrensast i tid, til stilling eller liknande. Det er Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjev tannlegelisensar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne medisinartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.