Tarfaladalen
Tarfaladalen | |||
Tarfalavagge, Darfalvággi | |||
dal | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Län | Norrbotten | ||
Kommune | Kiruna | ||
Koordinatar | 67°55′N 18°36′E / 67.917°N 18.600°E | ||
Tarfaladalen 67°55′00″N 18°36′00″E / 67.916666666667°N 18.6°E | |||
Wikimedia Commons: Tarfala |
Tarfaladalen eller Tarfalavagge (nordsamisk Darfalvággi) er ein høgfjellsdal som ligg nærast austom den fjellryggen der utløparar frå Kebnekaise strekkjer seg over. Lengst opp i Tarfaladalen ligg det området som vanlegvis blir kalla Tarfala.
I Tarfala har Svenska Turistföreningen (STF) ei fjellstove. Cirka ein kilometer i søraustleg retning frå Tarfalastova ligg Tarfala forskningsstation, der det vert drive feltstudiar i glasiologi på isbreane i Tarfala. Stasjonen tilhøyrer Stockholms universitet. Forskarane studerer massebalanse, avsmelting og andre eigenskapar hos blant anna Storglaciären ved Tarfalastationen, som har engasjert vitskapsfolk over heile verda.
Området er køyalpint og steinete. Dalen er forutan Kebnekaisemassivet òg omgjeven av Kaskasapakte (2 043 moh.), Kaskasatjåkka (2 076 moh.), Tarfalatjåkka (1 911 moh.) og Tarfalapakte (1 806 moh.). Fleire isbrear endar i dalen; dei største er Storglaciären, Isfallsglaciären og Kebnepakteglaciären.
Området er populært for brevandring og fjellklatring. Frå Ladtjovagge går ein sommar- og vinterlei fram til Tarfalajaure. Vidare finst ingen offisielle stigar men vanlege ferdselsvegar er opp over Tarfalatjårrå og den såkalla Jojoleden mot Unna Räitavagge. Begge desse har berre sporadisk stig- og sommarrøysmerking og går for det meste i blokkterreng.
Dalen er òg kjent for at dei særs kraftige katabatiske vindane som oppstår og den vitskaplege stasjonen har den høgaste offisielt registrerte vindstyrken i Sverige på 81 m/s frå den 20. desember 1992.[1] Det har derimot førekomet seinare episodar med ekstremt kraftige vindkast, der vindmålaren ved eit høve blåste ned, slik at ein ikkje veit kor kraftig vinden var.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tarfala» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.smhi.se/sgn0102/n0205/luft_rekord.htm Arkivert 2006-07-20 ved Wayback Machine., SMHI, 2006-07-14