Uladzimir Njakljajew
Uladzimir Njakljajew | |
Statsborgarskap | Belarus |
Fødd | 9. juli 1946 (78 år) Smarhon |
Yrke | skribent, lyrikar, journalist, politikar, prosaforfatter |
Medlem av | Den sovjetiske forfatterforeningen, Tell the Truth, Union of Belarusian Writers, Belarusian PEN Centre |
Uladzimir Njakljajew på Commons |
Uladzimir Prakopavitsj Njakljajew[a] (fødd 11. juli 1946 i Smarhon i Hrodna-provinsen) er ein belarusisk poet, forfattar og politikar. Han har vunne fleire prisar for litteraturen sin. Sidan 25. februar 2010 har han vore leiar for kampanjen Sei sanninga. Han var kandidat ved presidentvalet i Belarus 19. desember 2010. Dei offisielle valresultata, som Njakljajew og resten av opposisjonen ikkje godtok, gav han 1,8 % av røystene. Kvelden den 19. desember vart han banka opp av politifolk då han var på veg for å delta i demonstrasjonar mot valfusk.[1] Han vart arrestert og tiltalt for å ha organisert opptøyar. 29. januar vart han sleppt ut av fengselet, men sett i husarrest. Menneskerettsorganisasjonen Amnesty International rekna han som ein samvitsfange.[2] Under rettssaka i mai 2011 la aktoratet ned påstand om tre års betinga fengsel for rolla hans under demonstrasjonane.[3] 20. mai 2011 vart han dømd til to års fengsel på vilkår. Etter at han slapp ut av fengselet, har han halde fram som opposisjonsaktivist gjennom kampanjen Sei sanninga.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Belarusisk skrift Уладзімір Пракопавіч Някляеў, russisk Vladimir Prokofjevitsj Nekljajev
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ www.amnesty.org på engelsk.
- ↑ www.amnesty.org på engelsk.
- ↑ "Прокурор предлагает не сажать экс-кандидатов в президенты Белоруссии Некляева и Рымашевского" frå Gazeta.ru, 17. mai 2011, på russisk
- http://niakliaeu.by/ Arkivert 2015-08-01 ved Wayback Machine.