Øyvind er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ey-vindr. I dette toledda namnet tyder forleddet kanskje ‘lykke’. Etterleddet tyder ‘sigerherre’.
Øyvind (mannsnamn)
Personar med namnet Øyvind
Kulturell bruk
- Øyvind i Bjørnstjerne Bjørnsons «En glad gut» (1860).
Kjende personar med namnet Øyvind
Eit utval personar med namnet Øyvind, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Per Øyvind Heradstveit (1932)
- Øyvind Nordsletten (1944)
- Øyvind Østerud (1944)
- Øyvind Angeltveit (1958)
- Øyvind Berg (1959)
- Øyvind Stokke (1962)
- Øyvind Rimbereid (1966)
- Øyvind Håbrekke (1969)
- Øyvind Sagåsen (1969)
- Øyvind Holen (1973)
- Øyvind Torvund (1976)
- Øyvind Finnsson Skaldespiller
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Øivind og Øyvind (lite brukt på 1800-talet) slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Øivind vart tatt i bruk som eit historisk-litterært namn i siste del av 1800-talet, og ein viktig grunn til populariteten var truleg guten Øivind i Bjørnsons forteljing «En glad Gut» (1860). Namnet kan dermed knytast til den nordiske namnerenessansen. Øivind med [øi] samsvarer med tidlegare rettskriving (før 1938), og Øivind hadde naturleg nok ein tidlegare toppfase enn Øyvind. På 1900-talet fekk varianten Øyvind kraftig stigning frå 1930-åra og namnet var på topp 1980–1984 samtidig med det relaterte Eivind.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Øyvind var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Øyvind fyrst innpass i byen.
Øyvind var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Øivind.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Øyvind fyrst innpass i byen.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.