Åkerø er ein eplesort med namn etter det svenske godset Åkerö, der sorten vart utvikla på 1700-talet. Epla er middels store, med eit gulkvitt, fast og litt grovt kjøtt. Sorten er veleigna som bordfrukt og har ein søt, syrleg og aromatisk smak.
Faktaboks
- Uttale
-
åkerø
Epla modnar i november og held seg til februar. Blomane har god pollenkvalitet, og sorten blir pollinert av mellom anna transparente blanche og säfstaholm. Treet veks kraftig og dannar eit stort tre som ber eple først etter 8–10 år. Det set eplekart i store mengder som må tynnast for å få større eple. Sorten er hardfør, men utsett for skurv og frukttrekreft ved kysten.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.