Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Anders Bettum 17. februar 2013. Artikkelen endret 2 tegn fra forrige versjon.

Landsbyenst-maat, som tyder ”Sanninga sin stad”, ligg på vestbreidda av dagens Luxor, og er i dag kjent under namnet Deir el-Medina. Landsbyen vart moglegvis grunnlagt under Amonhotep I (ca. 1525-1504 fvt.), og hadde sin glansperiode i dynasti 19 og 20 (ca. 1292 - 1077 fvt.), då innbyggjartalet kan ha nådd 400. Deir el-Medina vart fråflytta mot slutten av dynasti 20.

Den mannlege delen av innbyggjarane var med få unntak knytt til utsmykkinga av gravkammera i Konganes dal og Dronninganes dal. Utsmykkinga var av biletleg og skriftleg karakter. Konsensus av egyptologar hevdar arbeidarane sitt yrke kan forklare grunnen til at landsbyen hadde så høg prosent av skrivekyndige, og at eit så stort tal skriftlege kjelder har overlevd frå landsbyen. Desse kjeldene har gjeve oss eit unikt innblikk i ein tidsperiode på cirka 400 år. Landsbyen er den viktigaste kjelda til vår forståing av sosiale forhold i Det gamle Egypt.

Kjeldene seier lite om verda utanfor landsbyen, men er snarare retta mot kvardagslege problemstillingar som arbeidsorganisering, økonomi, samfunn, utdanning, juss og religion (Lesko 1994; McDowell 1990, 2001).

Lesko, Leonard H., (1994). Pharaoh's workers: the villagers of Deir el Medina. Ithaca: Cornell University Press.

McDowell, Andrea G., (1990). Jurisdiction in the workmen's community of Deir el-Medîna. Leiden: Nederlands Instituut voor het Nabije Oosten.

———, (2001). Village life in Ancient Egypt. 2 ed. New York: Oxford University Press Inc.