Blåveis er ei fleirårig urt i soleiefamilien .
Beskriving
Blåveis er omlag 10 cm høg og har tjukke, vintergrøne, djupt tredelte blad med breie flikar. Blomane har 5-9 blå blomeblad, og sit enkeltvis på ein lang stilk. Stengelen bøyer seg ned i fruktstadiet, og dei mange smånøttene som vert danna med elaiosom vert spreidd av maur .
Utbreiing
Blåveis er vanleg i skog og kratt på kalkrik grunn på Austlandet og i Trøndelag , men manglar nesten heilt på Vestlandet .
Bruk
Blåveis er fylkesblom i Akershus fylke, og variantar av blåveis vert dyrka i hagar. I eldre tid vart planta nytta som medisinplante mot leversjukdommar. I folkemedisin har uttrekk av blåveisblad vore nytta mot bronkitt og som urindrivande middel.
Systematikk
Nivå | Norsk namn | Vitskapeleg namn |
---|---|---|
Art | Blåveis | Hepatica nobilis |
Familie | Soleiefamilien | Ranunculaceae |
Orden | Ranunkulales | |
Klasse | Tofrøbladete planter | Dicotyledoneae |
Rekke | Dekkfrøete planter | Angiospermae |
Rike | Planteriket | Plantae |