Versj. 20
Denne versjonen ble publisert av Kjell-Olav Hovde 11. mars 2014. Artikkelen endret 5 tegn fra forrige versjon.

Blåveis er ei fleirårig urt i soleiefamilien. Den er ein vanleg vårblom.

Blåveis er omlag 10 cm høg og har tjukke, vintergrøne, djupt tredelte blad med breie flikar. Blomane har 5-9 blå blomeblad, og sit enkeltvis på ein lang stilk. Stengelen bøyer seg ned i fruktstadiet, og dei mange smånøttene som vert danna med elaiosom vert spreidd av maur.

Blåveis er vanleg i skog og kratt på kalkrik grunn på Austlandet og i Trøndelag , men manglar nesten heilt på Vestlandet .

Planta er fylkesblom i Akershus fylke, og variantar av blåveis vert dyrka i hagar. I eldre tid vart planta nytta som medisinplante mot leversjukdommar. I folkemedisin har uttrekk av blåveisblad vore nytta mot bronkitt og som urindrivande middel.

Nivå Norsk namn Vitskapeleg namn
Art Blåveis Hepatica nobilis
Familie Soleiefamilien Ranunculaceae
Orden Ranunkulales
Klasse Tofrøbladete planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøete planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae