Det finst fleire ulike teoriar for korleis dialektendringar oppstår og spreier seg. Teoriane er grunnleggjande for å forstå utvikling av norske dialektar, og er viktige for å forklare dei konkrete endringane som skjer i dialektane.
- Hovudartikkel: Dialektar i Noreg
- Sjå òg endringar i norske dialektar for dei konkrete endringane i dialektane
Dialektutvikling
Eit talespråk blir overlevert frå generasjon til generasjon. Dette er ein komplisert prosess. Språket utgjer ein så innvikla struktur at ingen ennå har klart å laga ei perfekt beskriving av det. Språket skal lærast i løpet av dei fem første åra i livet utan forkunnskapar og utan systematisk instruksjon. Det er relativt lite i språket som borna får korrigert direkte. Dermed må det vera ei sterk drivkraft frå første stund i læringsprosessen at borna legg seg til å etterlikna språket rundt seg mest mogeleg, og dei prøver å snakka slik dei næraste rundt dei gjer. Det er ein imponerande prestasjon å tileigna seg talemålet utan at meir blir endra! At det kan oppstå mindre læringsavvik som barnet kanskje tar med seg opp i vaksen alder, er ikkje underleg. I fonologien og i språket generelt finst det innbygde tendensar eller føringar for kva som er «naturlege» utviklingar (jf. Sandøy 2008).
Ei språkendring kan starta som ein individuell innovasjon ved at eit barn eller ein ungdom uttalar ein lyd eller ei ending på ein ny måte, eller formulerer ein språkkonstruksjon på ein ny måte. Barnet/ungdommen kan bli korrigert, og kvittar seg då med feilen. Men kjem det ingen reaksjon frå omverda, kan «feilen» eller innovasjonen bli ein vane. Det nye fenomenet som barnet/ungdommen har lagt seg til, kan bli isolert og individuelt, som ein talefeil hos vedkomande. Endringsprosessen startar derimot når eit anna barn eller ein ungdom av ein eller annan grunn tek etter det nye språktrekket. Har først to personar dette fått dette nye trekket, er det lettare for andre også å ta etter. Etter nokre år har kanskje heile det aktuelle språksamfunnet gjennomført den nye uttalen. Når mange nok har fått dette særdraget i sitt talespråk, seier me at det føregått ei endring i dialekten. Det nå så velkjende samanfallet mellom kj- og sj-lyden i ord som kjenna og skjenna kan ha starta som ei nyutvikling hos ei lita ungdomsgruppe og så spreidd seg til nye grupper.
Teoretiske modellar for dialektendring
Det finst fleire ulike teoretiske modellar for å forklare dialektendringar.
Bølgjemodellen
Ein kan noko skjematisk seia at dialektgrensene i dag er eit resultat av den språkutviklinga som har skjedd i Noreg dei siste tusen åra. Ein måte å sjå denne utviklinga på er å tenkja seg at eit nytt dialekttrekk har oppstått i eit miljø på ein stad og så spreidd seg ved sosial kontakt mellom menneska som ringar i vatn til kringliggjande område.
Biletet med ringar i vatn gjer at me her snakkar om ein «bølgjeteori» som grunnlag for spreiing av språktrekk. Der det nye språkdraget oppstår, kan ein snakka om novasjonsområdet, og det området særtrekket slår rot i, blir kalla spreiingsområdet. Det området der fenomenet er mest konsekvent gjennomført, har fått nemninga kjerneområdet.
Som døme på spreiing av eit dialekttrekk etter denne modellen kan nemnast diftongforenklinga innanfor delar av det austnorske målområdet. Det gjeld det dialektområdet i Østerdalen og Sør-Trøndelag der ein seier ben, sten, røk, røs, løs og stør når ein i det meste av landet elles seier bein, stein, røyk, røys, laus og staur. Dette fenomenet med forenkling av diftongane oppstod i Sør-Danmark på 900-talet, og har breidd seg nordover i Sverige og mot vest innover i austlege strøk av Noreg, og særleg då til Østerdalen og Sør-Trøndelag. Prosessen har teke fleire hundre år.
På liknande vis kan ein ta for seg andre dialektsærdrag, og prøva på å setja dei inn i eit slikt ”bølgjeperspektiv”. Eit viktig dialekttrekk som tjukk l har truleg oppstått sentralt i Skandinavia og så spreidd seg ved sosial kontakt mellom menneska så langt vestover som til Langfjella og nordover til nord i Nordland fylke.
Frømodellen
Nokre språkforskarar har prøvd å forbetra bølgjemodellen ved å ta fram eit bilete frå botanikken, av somme fagfolk kalla ”frø-modellen”.
Ein tenkjer seg då eit opphavleg einsarta språkområde som ein open åker, der ein på ulike plassar strør ut ymse slags frø (= nydanningar i språket). Når frøa spirer, veks det opp planter, som set nye frø, som spreier seg vidare att. På ulike stader i åkeren hamnar det forskjellige slags frø, og etter kvart blir det ei blanding av dei ulike planteslaga, men også slik at nokre planter (= nokre dialekttrekk) dominerer på ein stad i åkeren.
Fordelen med denne modellen er at alle nydanningane i dialekten ikkje blir borte att, slik bølgjene i vatnet blir det (i bølgjeteorien), men lever vidare og utviklar seg.
Hoppe-mønster
Spreiing av nye språkdrag kan også skje etter eit ”hoppe-mønster”: Med dette meiner me at eit nytt fenomen kan oppstå i ein by, og derifrå hoppa til andre byar – og så vidare til bygdemåla ikring.
Skarre-r-en (som finst sør og vest i landet) kan ha breidd seg på denne måten. Språkforskarane meiner at skarre-r-en oppstod i Paris på 1600-talet. Frå denne byen hoppa denne r-en til Köln og Berlin, og derifrå til København. Omkring år 1800 hadde denne r‑uttalen nådd Kristiansand og Bergen. Frå desse byane har truleg skarre-r-en hoppa til andre mindre byar, og så breidd seg til bygdene ikring.
Same dialektutvikling fleire stader
Alternativet til å sjå på framveksten av nye dialektsærtrekk som spreiing ved sosial kontakt mellom menneska, eller etter eit hoppe-mønster, er å rekna med at språkendringar oppstår uavhengig av kvarandre på fleire stader, men likt på kvar stad.
Som døme på dette kan ein nemna e/a‑målet på Lista og Lindesnes i Vest-Agder og i Troms/Finnmark. På Lista seier dei å synge ei visa, medan det i e/a-målet i Troms heiter å sønge ei visa. I prinsippet er dette heilt like språklege strukturar.
Endringar av dette slaget må ha opphav i språket sjølv, i det me kan kalla indre årsaksfaktorar. Me kan seia at det i sjølve talespråket ligg visse strukturar som utløyser endringar uavhengig av sosial kontakt og påverknad frå språkbrukarar som snakkar ein annan talemålsvariant.
Sjå også artikkelen norske dialektar - utviklinga i dag.
Vidare lesing
- Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2012.
- Sandøy, Helge: Språkendring, prenta i Mæhlum, Brit mfl.: Språkmøte. Oslo: Cappelen akademisk, 2008.
- Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2005.
- Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, Kristiansand: Portal forlag, 2010.