Blåveis, er ei fleirårig urt i soleiefamilien. Han er ein vanleg vårblom.
Skildring
Blåveis, eller blåsymre, er omlag 10 cm høg og har tjukke, vintergrøne, djupt tredelte blad med breie flikar. Blomane har 5–9 blå blomeblad, og sit enkeltvis på ein lang stilk. Stengelen bøyer seg ned i fruktstadiet, og dei mange smånøttene som vert danna med elaiosom vert spreidde av maur.
Utbreiing
Blåveis er vanleg i skog og kratt på kalkrik grunn på Austlandet og i Trøndelag , men manglar nesten heilt på Vestlandet .
Bruk
Planta er fylkesblom i Akershus fylke, og variantar av blåveis vert dyrka i hagar. I eldre tid vart planta nytta som medisinplante mot leversjukdommar. I folkemedisinen har uttrekk av blåveisblad vore nytta mot bronkitt og som urindrivande middel.
Systematikk
Nivå | Norsk namn | Vitskapeleg namn |
---|---|---|
Art | Blåveis | Hepatica nobilis |
Familie | Soleiefamilien | Ranunculaceae |
Orden | Soleieordenen | Ranunculales |
Klasse | Tofrøblada planter | Dicotyledoneae |
Rekke | Dekkfrøa planter | Angiospermae |
Rike | Planteriket | Plantae |