Versj. 7
Denne versjonen ble publisert av Gunn Hild Lem 30. desember 2016. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Toghril beg, tyrkisk stammehøvding og grunnleggjar av det seldsjukkiske dynastiet (oppkalt etter bestefaren hans, Seldsjuk). Han oppretta eit stort rike i Iran, Irak, delar av Syria og Lilleasia (også kjent som Anatolia og Rum). Bagdad vart innteken 1055 og kalifen gav han tittelen sultan. Toghril-ætta styrte i Iran og Irak til 1194, medan ei sidelinje herska i Seldsjukkriket i Anatolia (med Konya som hovudstad) til dette sultanatet vart sterkt svekka av mongolane etter slaget ved Kösedağ 1247 og til slutt knust av fyrstedømmet Karaman, som seinare gjekk inn i Det osmanske riket.