Potsdamavtalen er forhandlingsresultatet frå Potsdamkonferansen som var toppmøtet mellom sigersmaktene etter den andre verdskrigen. Møtet vart heldt på Schloss Cecilienhof i Potsdam frå 17. - juli til 2. august 1945. Dei som forhandla var Storbritannias statsminister Winston Churchill (han vart avløyst av den nyvalde statsministeren Clemet Attlee 28. juli) , USAs president Harry S. Truman og Sovjetunionens Josef Stalin. Frankrike deltok ikkje i forhandlingane, men slutta seg til innhaldet i avtalen 7. august 1945.
Innhaldet i avtalen
Avtalen regulerer Tyskland si stilling etter krigsnederlaget. Dei viktigaste punkta som vart nedfelt i protokollen etter konferansen handla om desse spørsmåla:
- Regulering av sigersmaktenes okkupasjon av Tyskland.
- Krigsskadeerstatning.
- Behandling av krigsforbrytarar.
- Grenseforskyving av den tysk-polske grensa til Oder-Neisse-linja.
- Utvising av tyskarar frå dei tidlegare tyske aust-områda og frå Tsjekkia og Ungarn.
Potsdamavtalen vart til ein arbeidsinstruks for det allierte kontrollrådet som styrte Tyskland etter krigsnederlaget. Arbeidet deira blir omtalt som 4-D-programmet fordi dei fire mest sentrale arbeidsområda alle byrja med bokstaven d.
Denazifisering: Dei allierte sette seg som mål å de- eller av nazifisere både Tyskland og Austerrike. Heile samfunnet skulle reinsast for innverknaden frå NSDAPs nasjonalsosialisme.
Demilitarisering: Målet var å sette både den tyske hæren og rustningsindustrien ut av spel. Slik ville ein hindre at Tyskland på ny skulle truge resten av Europa militært.
Demokratisering: Ei demokratisk utvikling skulle sikrast gjennom innføring av organisasjonsfridom, ytringsfridom og religionsfridom.
Desentralisering: Målet var å overføre makt til delstatar og lokalsamfunn. Slik skulle ein hindre at makta vart samla på svært få hender, slik situasjonen hadde vore under Hitlers styre.
Juridisk stilling
Potsdamavtalen er å forstå som ei felles intensjonserklæring frå sigersmaktene etter den andre verdskrigen. Den har ikkje status som ein folkerettsleg bindande avtale.