Versj. 17
Denne versjonen ble publisert av Kjell-Olav Hovde 23. august 2019. Artikkelen endret 26 tegn fra forrige versjon.

Folkebladet, eller Troms Folkeblad, er ei regionavis for Midt-Troms. Avisa blei grunnlagt i 1965. Eigar er Polaris Media ASA. Hovudkontoret ligg på Finnsnes, men avisa har òg kontorer i Bardufoss og Sjøvegan. Avisa som starta som lokalavis dekkjer i dag 10 kommunar og eit stort geografisk område.

Folkebladet har omlag 5 500 digitale abonnentar. Papirutgåva har omlag 3 900 abonnentar og kjem ut seks dagar i veka, måndag til laurdag. Avisa har totalt 16 700 lesarar ein gjennomsnittsdag (Kjelde: Mediebedriftenes Landsforening 2019).

Sjefredaktør: Steinulf Henriksen.

Troms Folkeblad kom ut fyrste gong på Finnsnes i Lenvik kommune 15.november 1965. Næringslivskrefter rundt Finnsnes Handelstandsforening, men også representantar for ulike politiske avskygningar, ønskte å lage ei avis for midtfylket i Troms. Dei la planar om å kjøpe Senjens Blad som var til sals, og som i ulike variantar hadde kome ut på same stad sidan 1907. Samstundes ønskte partiet Venstre eit talerør i distriktet, og vann til slutt drakampen om å overta Senjens Blad sommaren 1965. Dermed måtte ein legge planar for ei heilt ny avis, og kapital samla inn. Nokre månader seinare var Troms Folkeblad etablert med gammalredaktøren i Senjens Blad som fyrste redaktør og med fleire andre medarbeidarar frå same avis.

Den nye avisa må nok også sjåast i samanheng med meir langsiktige utviklingstrekk, knytt til oppkomsten av Finnsnes som eit stadig viktigare sentrum i Midt-Troms. I 1950 var det 884 innbyggjarar her, tjue år seinare 2619. Ved århundreskiftet fekk Finnsnes bystatus. Bakgrunnen for denne ekspansjonen for Finnsnes med omland var etablering av eit landsgymnas i 1946 (som kom til Finnfjordbotn utanfor Finnsnes tre år seinare), eit ferrosilisumverk midt på 1950-talet, ein tremassefabrikk i nabokommunen Sørreisa og militærutbygging, både i Lenvik kommune og i nabokommunar i Midt-Troms og Indre Troms. Eit uttrykk for den auka betydninga denne regionen fekk i avisbiletet, i spennet mellom Nordlys i Tromsø og Harstad Tidende, er at Nordlys etablerte sitt fyrste distriktskontor her alt i 1954. Det blei rett nok oppgitt alt etter eitt år, men frå 1961 hadde Nordlys permanent eit eige kontor på Finnsnes. Troms Folkeblad måtte derfor kjempe om sin eksistens både mot Senjens Blad og Nordlys (som i 1968 hadde ei hushaldsdekning på 60 prosent i Lenvik kommune). Avisa sleit tungt i starten, men kom over kneika.

I 1970 måtte konkurrenten Senjens Blad gi opp. I 1974 gjekk avisa over til offset, og ti år seinare kom avisa for fullt inni dataalderen. Eit stort byks framover fekk Troms Folkeblad då eigarane av ferrosilisumverket like utanfor Finnsnes, Fesil-Nord, gjekk inn med ny kapital i 1989. Då hadde avisa for fyrste gong like stor hushaldsdekning i Finnsnesområdet som Nordlys, 57 prosent. To år seinare vart Folkebladet dagsavis, og frå 1997 har Steinulf Henriksen vore sjefredaktør i avisa.

På 1990-talet blei Troms Folkeblad overtatt av den ekspanderande Harstad Tidende-gruppen (frå 2008 Polaris Media), ein del av «Schibsted-sfæren». I 2008 hadde Troms Folkeblad fire avdelingskontor og om lag 30 tilsette, og var no heilt dominerande i sitt distrikt.

Avisa dekkjer i dag eit stort geografisk område med heile ti kommunar: Senja-kommunene, innlandskommunene Målselv og Bardu – og sørover til og med Lavangen.