Versj. 11
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 16. september 2019. Artikkelen endret 19 tegn fra forrige versjon.

Sulaposten er ei norsk ukeavis grunnlagt i 1946. Avisa kjem ut i Langevåg og er lokalavis for Sula kommune. Redaktør: Odd Solnørdal. Sulaposten har mest nynorsk i det redaksjonelle stoff et og har stort settkome ut ein gong i veka.

Avisens opplagstall i 2015 var 2281 for papiravisen og 9 for salg av digitale abonnementer og utgaver (Mediebedriftenes Landsforening).

Sulaposten blei grunnlagt i 1946, av Ansgar Slagnes. Han hadde bakgrunnfrå industri og handel, og dreiv i lange periodar også ein kiosk som han nytta til ekspedisjons- og redaksjonslokale for avisa. Det største problemet for Sulaposten var trykkinga. Dei første åra tok eit lokalt trykkeri i Langevåg seg av dette arbeidet, men så blei avisa sagt opp og måtte utanbygds for å bli trykt. I 1967 blei det så vanskeleg at Slagnes la ned avisa, og ho kom ikkje skikkeleg i gang igjen før i 1975.

Men heilt død var avisa ikkje. Ved spesielle høve klarte Slagnes likevel å få gitt ut nokre «spesialutgåver». Tidlegare var øya Sula, like sør for Ålesund, ein del av Borgund kommune. I 1965 blei Borgund slått saman med Ålesund, og Sula blei del av ein endå større kommune. Etter samanslåinga med Ålesund fekk ei eiga bygdeliste for Sula stor oppslutning ved kommunevala. I 1969 såg kampanjen «Sulaeigen kommune» dagens lys. Aktivistane meinte at dei fekk for lite tilbake av alle dei skattepengane som dei betalte til Ålesund. Sulaposten slutta heilhjarta opp om kampanjen, og heldt seg dermed i live. Sulaposten kom utfør kommunevala og gjorde særleg inntrykk med ei stor gratisutgåve då Tallaksen-komiteen (som skulle studere kommunestrukturen i landet) kom på besøk i 1974.

Frå årsskiftet 1974/75 var Sulaposten igjen i full drift. I 1977 blei Sula eigen kommune. Handelslekkasje til dei store kjøpesentra i nabokommunen Ålesund var stor, og avisa var derfor viktig for den lokale handelsstanden. Sulaposten blei dei første tiåra stort sett driven av ein liten dugnadsgjeng, men dugnadsarbeidet blei etter kvart avløyst av faste tilsetjingar på slutten av 1970-talet.

I 1979 blei avisa AS, etter at ho hadde vore personleg selskap for Slagsnes. Men han skaffa seg snart aksjemajoriteten i avisa, og i 1983 tok han fatt på sin siste periode som redaktør – fram til 1989, det året han fylte 84 år. Men også etter dette kunne han, gjennom aksjane sine, styre avisa. I 1990 fekk avisa pressestøtte, og i 1997 blei ho seld til Sunnmørsavisene AS. Mediehuset Vårt Land overtok avisen 1997, men solgte flertallet av aksjene til Haramsnytt (seinare Nordre) i 2008.

  • Fyrste nr. 4.10.1946, fyrste bladstyre Tor Bergmann og Ansgar Slagnes.
  • Førebels siste nr. 22.12.1967.
  • Kom ut sporadisk fram til avisa starta på nytt 23.11.1974
År Papiropplag Digitalt opplag
1998 1594
2008 2414
2015 2281 9
2018 2160 2027

Ekstern lenke