Albert Joleik var ein norsk journalist, avisredaktør, aviseigar, oversetjar, bygdebokforfattar og gardbrukar som var utdanna cand.real. og offiser. Han skal ha vore den første som skreiv på nynorsk då han gjekk opp til eksamen ved Universitetet i Oslo, noko sensorane visstnok sette liten pris på.
Joleik var fødd i Florø. Som ungdom vart han send til Bergen for å gå på skule, og han tok examen artium der som 16-åring – den yngste i landet det året. Foreldra gav seg ikkje, studenten skulle studere, og med pengehjelp frå velhaldne bergensarar drog Albert vidare til Kristiania for å studere.
I 1902, berre 22 år gamal, vart Albert cand.real. ved universitetet, med halvt om halvt naturlære og filologi. Han var truleg den første som fekk godkjent ei eksamensoppgåve på nynorsk ved universitetet. Året etter tok han Krigsskulen og vart sekondløytnant. I åra 1905–1908 gjorde Albert, som då hadde teke etternamnet Joleik, teneste som offiser i Kongostaten i Afrika, under kong Leopold 2. av Belgia. Attende i Noreg tok han nokre vikariat som lærar, men satsa så som bladmann.
Joleik gav ut avisa Spegjelen i Trondheim på eige initiativ i åra 1911–1913. I 1914 vart han henta til Gula Tidend i Bergen som redaksjonssekretær, og der vart han seinare bladstyrar. Frå 1923 tok han til å gi ut ei eiga avis, Fjordaposten, i same byen. Fjordaposten og tida som bladstyrar tok slutt med andre verdskrigen i 1940, og Joleik arbeidde resten av livet som bygdesogegranskar frå Bergen og som gardbrukar i Sunnfjord.
Joleik engasjerte seg breitt gjennom heile livet og var aktiv i fleire mållag, bygdelag og presseorganisasjonar, både i Vestlandske Mållag, Norsk Måldyrkingslag, Vestmannalaget, Bergen Presseforening og Norsk Bladmannalag.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.