Arnulv Sudmann var ein norsk avisredaktør, forlagsperson og nynorskforkjempar.
Han tok magistergraden i psykologi i 1942. Sudmann var frå 1935 til 1936 journalist i Norsk Tidend, frå 1941 til 1943 journalist i Nynorsk Vekeblad, og redaktør i bladet frå 1943 til 1945. Sudmann sette særleg spor etter seg som redaktør for det nynorske leksikonet Norsk Allkunnebok (10 band) som kom ut i ein tjueårsbolk frå 1945 til 1966. Han arbeidde som sekretær i Norsk språknemnd frå 1961 til 1972 og som kontorsjef for nynorsk i Norsk språkråd frå 1972 til 1980.
Kommentarar (2)
skreiv Jon Grepstad
Det bør stå at Sudmann var kontorsjef *for nynorsk* i Norsk språkråd. Norsk språkråd hadde kontorsjefar, ein for nynorsk, ein for bokmål. (Kontorsjef for bokmål var Arnold Thoresen.)
svarte Olav Garvik
Takk, Jon! Endringa er nå gjort.
Beste helsing
Olav
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.