Bertha er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Berta.

Namnet har fleire variantar: Berta, Berte, Bertha, Berthe.

Kjende personar med namnet Bertha

Eit utval personar med namnet Bertha, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 2200 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Bertha som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Berta og Bertha slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Berta – og Bertha – er blant dei tostava namna på -a som nådde toppen rundt år 1900. Andre døme er Arna, Berta, Erna, Gerda, Magda, Olga og Ragna. I motsetning til for eksempel Emma, Ella, Ebba, Laura og Klara fekk ikkje namna i den fyrste gruppa ein ny topp på 2000-talet. Dette kan mellom anna ha samanheng med at dei har ein meir komplisert konsonantstruktur i innlyd. – jamfør [rt] i Berta mot [r] i Klara. Sidan år 1900 har stavemåten Bertha vore brukt nesten dobbelt så mykje som Berta.

Utvikling i bruk av namnet Bertha frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Bertha frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon