Etter fengslinga vart Sands sendt til ei særskilt straffefløy i Crumlin Road-fengselet (Belfast). Der nekta Sands å gå med fangeuniform, og gjekk naken i cella i 22 dagar. Seinare vart han flytta til Maze-fengselet (Long Kesh – ofte også kalla H-blokka), som var eit høgsikringsfengsel for paramilitære fangar som låg 14 kilometer sør-vest for Belfast. Seint i 1980 vart Sands vald til kommanderande offiser for Provisional IRA-fangane i Long Kesh. Britane ynskte å fjerna den såkalla Special Category Status – som langt på veg var ei formell godtaking av at republikanarane ikkje var kriminelle, men friviljuge som sloss for politiske mål (slutt på britisk styre og irsk samling). I 1980 trudde republikanarane at sveltestreiken dette året hadde pressa styresmaktene til at spesialstatusen skulle vara vidare, men det viste seg å ikkje vera rett.
Då republikanarane gjekk til ny sveltestreik i 1981, var Bobby Sands den fyrste som starta – 1. mars 1981. Fangane hadde fem krav:
- Rett til å ikkje gå i fengselsuniform
- Rett til å ikkje utføra fengselsarbeid
- Rett til fritt samver med andre fangar, og til å organisera skolering og rekreasjonstiltak i fengselet
- Rett til ei vitjing, eit brev og ei pakke kvar veke
- Tilbakeføring av soningsforkorting som var stroke på grunn av tidlegare protestar
For å få maksimal mobilisering mot dei britiske styresmaktene og statsminister Margaret Thatcher utanfor fengselet, gjekk ikkje alle sveltestreikande til aksjon samstundes. Til saman sju IRA-fangar og tre fangar som var med i Irish National Liberation Army (INLA) døydde mellom 5. mai og 20. august 1981, alle var i tjueåra. Etter det tiande dødsfallet hadde presset for å avslutta sveltestreikane auka mykje, og det var og uro blant republikanarane både for å mista fleire av sine folk og for at den breie sympatien blant mange nasjonalistar kunne gå tapt dersom fleire liv gjekk tapt. Sveltestreiken vart difor avslutta.
Bobby Sands var den fyrste som døydde, etter ein sveltestreik som vara i 66 dagar. 26 dagar før han døydde, vart Sands vald til det britiske underhuset frå valkrinsen Fermanagh og South Tyrone.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.